Nyheter

Tyrkia - tilskodar til Kobanis fall

Tyrkia kan sende inn hæren mot Kobani i Syria. Men regimet i Ankara vil heller at kurdarane og sunnimuslimane i IS drep kvarandre.

Bydel for bydel, gate for gate. Krigen om den viktige syriske byen Ayn al-Arab, eller Kobani som han blir kalla av kurdarane, dreg seg til. Dei siste meldingane fortel at den kurdiske militsen som held byen, er på vikande front. Fram rykkjer krigarane frå den såkalla Islamske staten (IS), den ytterleggåande sunnimuslimske terrorgruppa som har ­erobra store område i både Irak og Syria sidan 2011.

På åskammen heilt sør i Tyrkia­ står den tyrkiske hæren og har balkongutsikt mot Kobani.

LES OGSÅ: Startet hjelpearbeid for muslimer og kristne på flukt fra IS

Tilskodarar

Men dei blir berre ståande og sjå på at kurdarar og sunnimuslimske krigarar frå IS drep kvarandre. President ­Recep Tayyip Erdogan har rett nok varsla ei strengare tyrkisk line andsynes IS, og sagt at Tyrkia ikkje stå utanfor den USA-leia krigen mot terroristane. Men han sender ikkje inn soldatar som kan gje den kurdiske militsen avgjerande ­militær støtte.

Erdogan seier rett nok at ­NATO-landet Tyrkia ventar på at USA og koalisjonen skal samarbeide om ein bakkeoperasjon inn i Syria. Men så lenge USAs president Barack Obama seier «no boots on the ground» – ingen amerikanske soldatar på bakken - kan Erdogan utnytte situasjonen.

Tyrkia ser på at kurdarane ikkje klarar å halde Kobani – og Erdogan er nøgd. For kva har skjedd i nabolanda Irak og Syria?

Jo, den kurdiske minoriteten fekk i praksis ein eigen stat i Nord-Irak då USA invaderte­ Irak i 2003 – og landet fall ­saman. Borgarkrigen i Syria har også demontert landet. I nord har kurdarane utnytta situasjonen til å skaffe seg herredømme over autonome område. ­Desse landnåma skremmer Ankara, som har ein stor kurdisk minoritet i aust.

LES OGSÅ: Verdas rikaste terroristar

Folk manglar land

Kurdistan er eit geografisk område i Midtausten der kurdarane utgjer fleirtalet av folkesetnaden, men området har aldri eksistert som ein eigen nasjonalstat. Difor bur det store kurdiske minoritetar i både Iran, Irak, Syria og Tyrkia. I sistnemnde land er vel 15 prosent av innbyggjarane kurdarar.

Etter at første verdskrig knuste det ottomanske imperiet lova vestmaktene kurdarane ein eigen stat. Men Tyrkias sterke mann, Mustafa Kemal, gjorde kort prosess; han innlemma heile Aust-Anatolia i den tyrkiske­ ­republikken.

Sidan den gong har kurdarane kjempa for ein eigen stat. No når vestmaktenes landkonstruksjonar i Midtausten fell saman, utnyttar dei høvet til å oppfylle landdraumane. Difor står ­Tyrkias hær og ser på nedslaktinga i Kobani.

Terrorstempla

Byen har eit arabisk namn, men kurdarane er i fleirtal i Kobani. Før borgarkrigen starta i 2011 var han den nest største kurdiske byen i ­Syria med 45.000 innbyggjarar. ­Fordi tilstrøyminga av kurdarar har vore sterk dei tre siste åra, er folke­talet nær dobla.

LES OGSÅ: Stortinget krever flere Syria-flyktninger til Norge

I midten av september trekte den syriske regjeringshæren seg ut av området, noko som gjorde det mogleg for IS å kringsetje Kobani på dei tre kantane som ikkje grensar mot Tyrkia.

Ei tilleggsforklaring på at Tyrkia avventar å hjelpe kurdarane i Kobani er at det er den kurdiske YPG-militsen som forsvarar byen. YPG har nære band til Det kurdiske arbeidarpartiet (PKK), som både Tyrkia, USA og EU definerer som ein terrororganisasjon.

Eksilgruppa Syrian Observatory for Human Rights fortel at medan IS har fått fram forsyningar til Kobani, fleire krigarar og meir ammunisjon, nektar Tyrkia å forsyne kurdarane i Kobani.

Nytt Srebrenica

For å ­vekkje omverda dreg kurdarane­ i ­Kobani fram eit namn frå Balkan­-krigane som framleis vekkjer vonde minner. Srebrenica, seier kurdarane og får alle til å minnast korleis verdssamfunnet, med FN i front, nøgde seg med å vere tilskodar då serbiske soldatar omringa den bosniske byen Srebrenica sommaren 1995, og massakrerte nær 8.000 gutar og menn.

Ein krig som den om Kobani har vi også sett ein gong før ­under ein krig.

For 70 år sidan stod den polske heimearmeen opp mot den tyske okkupanten. Warszawa-oppstanden var det største opprøret i det naziokkuperte Europa under 2. verdskrig. Frå august til oktober 1944 prøvde polske soldatar, som kontrollerte lommer i hovudstaden, å jaga tyskarane på flukt. Utan å lukkast.

Drap kvarandre

Tapa på polsk side var utarmande, nesten 20.000 døde soldatar og 250.000 sivile. Etter at Adolf Hitler gav ordre om å svi av byen­ då opprøret var knust, blei nær 85 prosent av byen til ruinar. ­Sivile som overlevde Warszawa-­oppstanden blei sendt til tyske arbeids- og konsentrasjons­leirar.

LES OGSÅ: Tøff start for Stoltenberg

Oppstanden kom på eit avgjerande tidspunkt av krigen. Frå aust kom Sovjetunionens raude hær marsjerande vestover, og nærma seg Warszawa. Armia Krajowa, den polske heimehæren, trudde russarane ­skulle kom dei til unnsetjing då dei greip til våpen.

Og russarane kom, men stoppa­ rundt 500 meter frå Warszaw. Til samanlikning er det rundt 200 meter frå Kobani til Tyrkia og åskammen der hæren står. Den raude hæren stoppa aust for elva Wisla som renn gjennom Warzawa. Stalin-regimet i Moskva ville ha det slik. Polakkar og tyskarar kunne få drepe kvarandre utan innblanding. Moskva ville ha eit veikt Polen når dei rykka vidare vestover.

Ankara vil ikkje ha eit ­Kurdistan.

LES OGSÅ: Vil samarbeide med IS

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter