Nyheter

Tortur i Buskerud

Du veit vel kva tortur er? Ja, det er obligatorisk opplæring i nynorsk.

Det er fint med språkdebatt. Det er bra med tidvis kvass språkdebatt. Det er samstundes klokt når språkdebatten ikkje er fordummande.

Nasim Rizvi frontar Buskerud Innvandrerråd. Fredag var ho invitert til mållagsseminar på Høgskolen i Buskerud. Dei pakistanske foreldra hennar tok ho ut av morsmålsundervisninga. Ho valde å ikkje søkje fritak frå nynorsk fordi det kunne framstå som at ho ikkje var god i norsk, skriv Dagsavisen Fremtiden.

LES MER: Nasim i løvens hule (Dagsavisen Fremtiden)

På seminaret gjekk Rizvi, som har pakistanske foreldre, til åtak på nynorsk som obligatorisk sidemål. Ho melde at ho heime skulle skilje mellom språka urdu og punjabi, i tillegg til bokmål, nynorsk, engelsk og fransk.

Innvandrarrepresentanten sa at ho blei sliten av språk. Og så kom kraftsalva: Ho kalla sidemålsopplæringa for «tortur for tospråklige elever».

Det er fullt råd å sjå at språk er krevjande. At elevar med innvandrarbakgrunn kan streve med å lære to norske språk i tillegg til framandspråk og i Rizvis tilfelle to språk i morsmålet heime, er forståeleg. Men å kaste nynorsk ut av fagkrinsen treng ikkje vere svaret.

LES OGSÅ: Spynorsken sin revansj

Kanskje Hadia Tajik er eit svar. Ap-politikaren frå Bjørheimsbygd har også pakistanske foreldre og står støtt både i hovudmål og sidemål.

Sakleg sett finst det grunnlag for å hevde at ekstra skriftspråk kan styrkje evna til å handtere ulike perspektiv på andre område – så sant skulen kan gje kompetent støtte. Difor finst det gode grunnar for Kunnskapsdepartementet til å avslå ein søknad frå Buskerud fylkeskommune om valfritt sidemål.

Følg oss på Facebook og Twitter!

Så langt det saklege. Nasim Rizvi i Buskerud Innvandrarråd hadde neppe fått heile framsida i Dagsavisen Fremtiden dersom ho ikkje hadde drege det tabloide trumfkortet «tortur» om nynorskopplæringa.

Ingen vågar seg til å bruke slike ord om fransk eller engelsk, endå mindre om punjabi eller urdu – ja, det siste skulle sanneleg teke seg ut.

Nasim Rizvi har dokumentert at også innvandrarråd kan lære seg det tabloide språket. Med så kvikk læreevne er det vel råd også å lære nynorsk.

Diskutér saken på Verdidebatt!

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter