Kultur

På tide å sjå dataspel som kunst

Ein stortingspolitikar frå Frp er skeptisk til å bruke offentlege pengar på å finansiere dataspel for folkehøgskuleungdom.

Dersom du likar å spele dataspel, blir du fort mistenkeleggjort. Her er det ikkje forskjell på Kong Salomo og Jørgen Hattemakar. Når media skriv om Erna Solberg som spelar Candy Crush, finst det ein viss undertone av karakterbrest i forteljinga. Så også, og utan samanlikning elles, med Frank Underwoods dataspelbruk i TV-serien House of Cards. Sjølv maktpersonane slepp altså ikkje fri. Ikkje rart at spelande ungdommar får på pukkelen både titt og ofte. Unge «gamarar» blir gjerne møtt med dei vaksnes sukk og stønn over suspekt prioritering av tid. Som om ikkje det er nok: Dataspel får fort skulda i tragediar som involverer skytevåpen. Mange er raske med å påpeike den dårlege påverknaden som dataspela kan gi – nærmast utan å skilje mellom dei mange tusen spela som finst på marknaden. I tillegg truar dataspelinga andre kulturuttrykk. Ungdom les ikkje bøker lenger, dei spelar berre dataspel, heiter det då.

Lov å mislike

Det er lov å mislike dataspel, slik det er lov å mislike teiknefilmar eller opera. Men det burde snart ha gått opp for storsamfunnet at dataspel er eit kulturuttrykk som fortener å bli tatt på alvor. På verdsbasis er dataspelindustrien i ferd med å utkonkurrere filmindustrien og musikkindustrien. Det gir grunnlag både for kritisk vurdering av og oppriktig tilnærming til eit fenomen som er både underhaldning, idrett og kunst.

Fleire og fleire konkurrerer også på organisert vis, noko som blir kalla for e-sport. Telenor har nyleg gått inn som hovudsponsor for ein norsk e-sportliga, mens TV 2 no i mars startar med å sende frå denne ligaen – som i første omgang involverer dataspela «League of Legends», «StarCraft 2» og «Counter Strike». Prosjektleiar for esport hos TV 2 Sporten, Mikael Harstad Groven, seier til Dagens Næringsliv at interessa for e-sport er stadig aukande også i Noreg. Han har klokkartru på at tevling i dataspel er eit spennande og framtidsretta TV-produkt.

Stipend

Buskerud Folkehøgskole er ein av to folkehøgskular i Noreg som har ei eiga e-sportlinje – den andre er Lundheim Folkehøgskole. Ifølgje Aftenposten kostar eitt år på e-sportlinja i Buskerud 87.000 kroner, der Lånekassa omgjer 40 prosent av lånebeløpet til stipend for dei som fullfører. Stortingspolitikar Bente Thorsen frå Framstegspartiet er skeptisk til at det offentlege på denne måten skal finansiere dataspel for ungdom. «Jeg ville ikke anbefalt noen å bruke et år på dette. Jeg ser ikke hva slags utbytte man kan få av det,» seier Thorsen til avisa. Ho føyer seg dermed til dei mange som ikkje tillegg dataspel positive samfunnsverdiar. Eg trur neppe at alle desse kritikarane ville uttrykt den same motstanden mot at ungdommar på folkehøgskule fekk støtte til å sette opp revy eller spesialisere seg på eit musikkinstrument.

Følg oss på Facebook og Twitter!

Medskaping

Det som kjenneteiknar dei fleste kulturuttrykk er at dei inviterer til medskaping, gjennom tankearbeid og fantasi. Dataspelet inviterer til direkte medskaping, der du sjølv har mykje av ansvaret for korleis det endelege uttrykket blir sjåande ut. Ikkje minst derfor ser vi no ei aukande publikumsmasse, ikkje minst blant ungdom, som synest det er kult å sjå andre spele dataspel. Dei beste spelarane er dei nye kunstnarane.

Som i alt anna, ligg det farar også i dataspelinga, til dømes risikoen for å bli avhengig av å spele, og for å nedprioritere det sosiale livet utanfor skjermen. Men eg trur ungdom – og for den del, fleire spelande vaksne – er litt leie av at det er dette perspektivet som stadig dominerer i omtalen av dataspel. Om du stadig blir mistenkeleggjort, blir du fort oppgitt. Det går an å spele dataspel og samtidig lese skjønnlitterære bøker, lytte til klassisk musikk, klippe plenen til naboen og vere ein bevisst samfunnsborgar. Det går an å spele dataspel og bli eit betre menneske.

Dataspelet som kulturuttrykk har eit ufortent dårleg rykte.

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kultur