Kultur

Orgelkrim

Dramaet i Melhus er som henta frå ein humoristisk krimroman.

I eit lite døgn var det eit gigantisk mysterium: Orgelpiper til ein verdi av fem millionar kroner hadde forsvunne då kyrkjelyden i Melhus skulle inngå kontrakt på bygging av nytt orgel. Saka vart meldt inn til politiet som grovt tjuveri, og lokalsamfunnet var i sjokk. Enkelte ymta frampå om sabotasje.

Midt på dagen i går stod politiet utan spor i saka. Så kom kontrameldinga: Orgelpipene var ikkje stolne likevel. Dei låg visst berre ein annan stad i kyrkja.

For å bruke eit kjent uttrykk: Min fars hus har mange rom.

Det som først stod fram som eit tjuveri av det aller mest spektakulære slaget, blei i staden til ei humoristisk gladsak. Forkjemparane for det nye orgelet pustar letta ut. Dei nærmare tusen orgelpipene var likevel ikkje stolne. No blir det truleg signatur på kontrakten med Orgelbau Kuhn likevel.

Ikkje alle er like glade, skal vi tru opplysingane som kom fram i går. Det har vore høg temperatur rundt det nye orgelet i Melhus. Og det må vere lov å gjere seg nokre tankar om at pipene blei funne i klokketårnet. Er det nokon som har markert eit standpunkt her, og flytta pipene i protest? Dei lukkast iallfall i å gi kyrkjelyden ein real støkk.

For å bruke eit anna kjent uttrykk: Vart du skremt no?

Mysteriet var ikkje hundre prosent løyst då Vårt Land gjekk i trykken i går. Politiet sa på dåverande tidspunkt at dei ville halde fram med etterforsking av saka.

Om orgelet etter kvart kjem på plass i Melhus kirke – eg tek ingen ting for gitt lenger – vil det iallfall vere eit interessant prosjekt. Dei forsvunne orgelpipene er henta frå Beechgrove church i Aberdeen og har ifølgje kjennarar heilt unike klanglege kvalitetar. Desse skal etter planen byggast saman med nokre av dei eksisterande orgelpipene frå det noverende Jørgensen-orgelet, i tillegg til ein del nye piper frå Orgelbau Kuhn.

Uansett kva som skjer vidare, kom iallfall Melhus på kartet eit hektisk nyhendedøgn. Og kanskje kan hendinga inspirere til ein smal sjanger blant dei breie: Orgelkrim.

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kultur