Nyheter

Openheitskulturen

Snart er det ei norm å vere open om problema sine. For dei fleste er det positivt, for somme kan det føre til eit dobbelt press.

Ei scene frå den ameri­kanske TV-serien ­Modern family: Den tørrvittige ­familiepatriarken Jay Pritchett (Ed O'Neill) får besøk av bror sin, som han ikkje har sett på ­lenge. Dei to brørne, begge på sørsida av mellomalderen, kommuniserer på akkurat same måte som dei alltid har gjort: Smil, boksing, bryting og sarkasmar. Jays yngre kone Gloria (Sofia Vergara) reagerer på kommunikasjons­forma. Med kniven på strupa nærmar Jay seg broren i eit forsøk på å gå litt djupare i samtalen. Først ­etter ei misforståing kjem det fram at ­broren har kreft. Broren hadde på ingen måte tenkt å nemne det.

Tradisjonelt sett vil mange menn kjenne seg att i dette. Menn har nok i større grad enn kvinner hatt vanskar med å sette ord på ­vanskane sine. Ikkje fordi menn manglar vokabular, men fordi dei har vore meir tilbøyelege til å ­gnure på eigne problem framfor 
å vere opne om dei til vener og familie. Kanskje har tanken om å klare seg sjølv stått høgt i pannebrasken, kombinert med det sterke kjønns redsle for å vise teikn til svakheit.

LES OGSÅ: - Å være åpen og ­ærlig var en befrielse

Varmare samfunn

Samtidig har vi i dag ein kultur som ikkje ­berre innbyr til, men som «pushar» openheit. På alle sosiale medium blir vi oppfordra til å dele av oss sjølve. Om vi berre deler solsidene, kan venene våre få inntrykk av redigert liv. Om ein derimot er open når ting er vanskelege, kan det vere ei stor trøyst i alle dei hyggelege tilbakemeldingane ein gjerne får.

I hovudsak fører denne openheitskulturen til eit varmare samfunn, der vi blir flinkare til å vise omsorg og bry oss om kvarandre. Sjølv om mykje av omsorga går føre seg digitalt, kjennest det godt å bli sett. Når andre står fram med sitt, kan det også bli enklare for dei med tilsvarande problem.

I haust fekk artisten Lene ­Marlin mykje merksemd for å vere open om sitt største mørke. Som ­suksessfull artist i 20-åra låg ho på eit iskaldt kjøkkengolv og gret seg tom for tårer. Depresjonen var uuthaldeleg. På eit tidspunkt var det så tungt at ho vurderte å ta sitt eige liv.

LES OGSÅ: «Tro meg, det er verdt det!»

Velfortent ros

Lene Marlin fekk mykje velfortent ros for openheita si, blant anna frå leiaren i Unge Leve, eit nettverk for etterlatne etter sjølvmord. Artisten fekk også mengder av direkte takkemeldingar på Facebook-sida si, blant anna av folk som sa at ho var grunnen til at dei sjølv var i live. Dei mange tilbakemeldingane har Marlin openbert sett stor pris på. Av Verdsdagen for psykisk helse fekk ho nyleg også ein openheitspris. «Åpenhet hjelper og jeg kjenner meg svært ydmyk som får pris for nettopp det,» kommenterte prisvinnaren.

Førre helg var det «Skal vi danse»-vinnaren Agnete Johnsen som var open om depresjon og sjølvmordstankar i eit VG-intervju. «Jeg trengte stillhet, og hadde det så vondt og kom så langt ned at jeg planla hvordan jeg skulle ta livet mitt og når jeg skulle gjøre det ­sa Johnsen til VG. Den unge og ­suksessrike artisten fortalde blant anna om bruk av antidepressiva og antipsykotiske medikament.

Filma eigen depresjon

Førre helg blei det også klart at film­skapar Solveig Melkeraaen er ­nominert til prisen som Årets nordlending for å vise openheit rundt sin eigen depresjon. I haust hadde ho premiere på dokumentarfilmen Flink pike, der vi mellom anna får sjå ei scene der Melkeraaen får elektrosjokk.

LES OGSÅ: Lene Marlin hylles for åpenhet om selvmordsforsøk

Mens artisten Sandra Lyng ­Haugen, først kjent frå Idol, fekk massiv støtte etter å ha vore open om brystoperasjonen ho måtte igjennom då legane fann fire svulstar i brysta hennar. Lyng Haugen har i haust hatt sin eigen openhjartige realityserie på fjernsyn, «Sandra Usensurert».

Alle desse fire er unge kvinner. Dei er blitt vaksne i det samfunnet som har plassert dei i spotlighten på godt og vondt. Det er ingen tvil om at både Lene Marlin, Agnete Johnsen, Solveig Melkeraaen og Sandra Lyng Haugen har hjelpt mange ved å stå fram, slik også tidlegare statsminister Kjell Magne Bondevik hjelpte mange ved å vere open om psykisk sjukdom på slutten av 1990-talet.

Dobbelt press

Openheit er i all hovudsak bra. Det er likevel viktig å hugse at det finst mange som ikkje klarer å leve opp til forventinga om full openheit i alle kanalar. Eg veit det, for eg har vore der sjølv. For meg sat det i mange år langt inne å snakke med ­andre om personlege problem. Først ­etter eitt års sjukmelding hadde eg ­erfaringa av at det er godt å opne seg også om det som ikkje funkar så godt her i livet. Men framleis er eg forsiktig med kva informasjon eg sender ut i det offentlege.

Følg oss på Facebook og Twitter!

Spørsmålet er om den nye openheitskulturen har plass også til dei som kjenner seg best att i brørne frå Modern family. I verste fall kan det moderne torget kjennast som eit dobbelt press – gjennomsiktig, medialt og digitalt som det er. Vi menneske er ikkje like. Det er grunn til å ha i mente, post-Knausgård, at det ikkje må vere ei norm å utlevere seg sjølv.

Så vil vi framleis vise omsorg for dei som står fram med vanskane sine.

Openheit kan redde liv.

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter