Nyheter

Muslimsk jødehat

Det er slett ikkje muslimar som har ført jødehatet 
til Noreg. Men vi treng å vite meir om jødehat 
i islamske miljø.

Det finst jødehat også blant muslimar. I Dagsnytt 18 i går kunne den pensjonerte læraren Geir Johannesen fortelje sine sterke erfaringar om jødehat spreidd av elevar. Han fortalde og om ein gjestande vaksen muslim som avslutta den avtalte informasjonsbolken med reklame for falskneriet Sions Vises protokoller – som blir hevda å dokumentere jødiske planar om å kontrollere verda. Johannesen hevda også at han som aktiv lærar ikkje kunne snakke ope om dette, fordi det ville svekkje omdømmet til skulen hans i kamp om elevar.

Slike forteljingar seier ikkje noko om kor utbreidd jødehat er blant muslimsk ungdom i Noreg. Det er likevel viktig at slikt kjem fram. At antijødiske førestellingar finst i muslimske miljø, er ikkje nytt. I 2012 laga Oslo kommune ei undersøking frå skulane sine. Den viste at eitt av tre jødiske barn vert ramma av rasisme ofte, medan berre kvart tjuande muslimske barn blir det. Halvparten av dei jødiske barna hadde opplevd ordet ­«jøde» brukt som skjellsord.

Norsk-etnisk

Undersøkinga kartla ikkje kva muslimar meiner om jødar. Men undersøkinga viste at det var størst utslag av antisemittiske­ utsegner i skulane på austkanten­ i Oslo.

I mai 2012 kom HL-senteret­ med si store undersøking av norsk j­ødehat. Den viste utbreidde antijødiske førestellingar i det norske folket. Den svake sida ved undersøkinga var at berre ein av 1.500 som deltok, var muslim. Vi fekk altså ikkje fram noko av kva antijødiske førestellingar som finst blant muslimar.

Den sterke sida er denne: Med stor tyngde viste undersøkinga at det ikkje var muslimar som tok jødehatet hit til landet. Dei antisemittiske førestellingane­ er eit norsk-etnisk fenomen.

Det er på tide at det blir forska breiare på jødehat blant muslimar i Noreg – og kva som er kjeldene for det. Jødehat og spreiing av falskneriet Sions Vises Protokollar er utbreidd i mange land i Midtausten. Kjem dei antijødiske førestellingane til skulen gjennom foreldre, fjernsyn eller internett?

Følg oss på Facebook og Twitter!

Kartlegge muslimske haldningar

HL-senteret planlegg ein oppfølgjande studie som – gitt at dei får midlar – kjem i 2017. Vi meiner det er viktig der å kartleggje det som måtte vere av jødehat i den muslimske delen av folket.

Vi veit at det vitskapleg er vanskeleg å måle eit slikt kontroversielt spørsmål blant ein minoritet. Kanskje er det vanskeleg å få nok svar for ein representativ studie: Dei ein vil spørje, kjem gjerne frå land der folk ikkje trur at svara dei gjev, vert haldne hemmeleg. For å nemne eitt metodisk problem. Alternativet er å intervjue eit avgrensa tal menneske.

Dette er uansett eit så brennande tema at det må finnast måtar å skaffe sikrare kunnskap på. I dag er det historiene som florerer. Det er viktig å ikkje vere redde for å stille spørsmåla gjennom ein slik studie.

Terroren i Paris og København har gjort det endå viktigare å få sikker kunnskap.

Sjølv om jødehatet prosentvis skulle vere sterkare i den muslimske minoriteten, er det framleis slik at dersom du møter ein antisemitt, er det større sjanse for at vedkomande ikkje er muslim. Desse to faktum må stå tungt ved sida av kvarandre.

Meir kunnskap treng vi. Og vi treng tydelegare muslimsk oppgjer med jødehat i eigne­ ­rekkjer.

Diskutér nettlederen på Verdidebatt!

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter