Klima

Kva brast så høgt, statsminister?

Trusselen frå klima og kvikkleire burde skremme oss meir enn PST-varsel om faren for islamistisk terror, meiner Johannes Morken.

Her i landet har vi vel stort sett halde oss til skriftordet om ikkje å byggje hus på sand. Vi har derimot bygt ei mengd bruer på – eller i – kvikkleire.

Vegar skal gå meir og meir rett fram' tvers gjennom fjell og så beinveges som råd over myrar, bekkar og elvar. Austlandet blir tettare og tettare folkesett, og privatbilar og godstrafikk skal raskare fram både der og andre delar av landet. Lukta av nylagt asfalt duftar i dag politisk mykje betre enn dufta av heimebakt brød. Men oppfattar vi trusselen mot tolegrensa på jorda?

Synet av den kollapsa moderne brua på motorvegen ved Holmestrand får oss sjølvsagt til å skvette. Det går kaldt nedover ryggen å høyre frå dei som ikkje klarte å stogge og måtte køyre gjennom «dumpa» like etter at brua knakk saman. Men blir vi skremde nok?

Det har vore mange gode grunnar til å byggje ny E18. Fleire strekningar i Vestfold og Telemark har hatt mange tragiske dødsulukker. Tente lys og blomsterbukettar i vegkanten har minna oss om unge liv som brått vart rivne bort. Av gode grunnar er det vedteke ein nullvisjon for talet på drepne i trafikken.

LES MEIR: Regjeringens klimamål kan være uoppnåelig

Tolegrenser

Men nye vegar med midtdeling og høg fart fører oss ikkje beine vegen til eit trygt samfunn, sjølv om faren for tragiske møteulukker vert eliminert. Naturen har sine tolegrenser. Klimaendring er ein trussel verre enn terrortrusselen.

I går kom regjeringa med klimamåla sine. 40 prosent kutt i utslepp fram til 2030 lyder ambisiøst. Vi har knytt oss til EU-mål. Det er på den eine sida meir ambisiøst enn somme frykta. På den andre sida blir ikkje klimaet berga av prosentar, men av konkrete og hardhendte tiltak.

Di meir vi legg til rette for meir og raskare biltrafikk, di lengre fram er målet om å kutte klimagassutslepp. Og di meir vi byggjer nye vegar i utsette område, di større er trusselen i at klimaendringar trugar byggverka.

Geologar og krimteknikarar skal prøve å gje oss svar på kvifor Skjeggestadbrua braut saman. Det vi vel veit er at faren for ras av kvikkleire aukar med varmare klima og meir regn, også vinterstid. Og den menneskelege aktiviteten på eller ved kvikkleira ser også ut til å auke. Vi let som vi er herrar over kreftene, inntil naturen slår tilbake.

Fagfolk gjer no det dei kan for å finne ut om over 200 andre bruer enn Skjeggestadbrua må sikrast betre. Det finst mange bruer som er bygde i område med kvikkleire. At dei er festa på fjell midt i kvikkleira ser ikkje ut til å vere ein garanti når dei massive kreftene vert utløyste. I Vestfold vart beina bokstaveleg talt brutalt slått vekk under vårt teknologiske hovmod.

Følg oss på Facebook og Twitter!

Levesett

Bruene kan sikkert sikrast betre, berre vi stiller opp med mange nok milliardar til stål, betong og meir nylagt asfalt. Men dei kreftene naturen rår over, let seg slett ikkje kontrollere. Kan vi late som vi kan halde fram som vi stemner?

Kritikarane skulda i går regjeringa for ikkje å ha komme med klare tiltak for å kutte i nasjonale utslepp. Mistanken breier seg om ønsket er at vi skal kjøpe oss ut av slike krav for å sikre oljeindustrien – og for den saks skuld biltrafikken. Regjeringa vil flytte iskanten i Barentshavet for å kunne leite etter olje i meir sårbare område, samstundes som den altså lovar å skape eit samfunn med låge utslepp. Det er noko som ikkje går i hop.

Fossil energi fyrer opp temperaturen. At norsk olje og gass eventuelt skulle vere reinare enn andres fossile råvarer, blir i den store rekneskapen meir ei bortforklaring, ein måte å skuve valet framfor oss. Det trengst ei drastisk endring av energi-, samferdsels og klimapolitikk. I motsett fall vil regnbygene auke på og gjere sitt til at kvikkleira oftare trugar å knuse draumen om risikofri ferdsel til hytteparadis mellom Brunlanes og Blindleia.

Statsminister Erna Solberg var i går klar på det ikkje er noko i dei nye klimamåla som vil setje grenser for kva vi gjer i kvardagen vår. Det er sikkert sant. Regjeringa vågar ikkje leggje opp ein klimapolitikk som vil merkast for måten vi lever på. Det er venteleg det som er problemet. At naturen slo hardt tilbake mot ei moderne bru i Vestfold påverka ikkje med ein tøddel risikovurderinga til statsministeren. Vi blir nok ein dag nøydde til å tenkje over om alt vi skal gjere, framleis skal handle om å komme høgare opp og raskare fram, utan at klimaet og kvikkleira skal bremse oss.

LES MEIR: Sentrum og Frp i klimaidyll

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Klima