Bøker

Historia om ei bygd

Utanfor den Oslo-baserte bokheimen lever ein underskog av bøker med lokalt innhald. Ei bok om sunnmørsbygda Vatne er ei av brikkene for å forstå det norske samfunnet.

Det lokale er finurlege saker. På ei side sett har lokale historier avgrensa interesse. På den andre sida er det lokale av universell betyding. Alt skjer i det lokale. Og ein skal vere bra arrogant for å føyse det bort.

Lokalhistoriske bøker er som regel kopla frå det litterære krinslaupet. Først når ein forfattar som Dag Solstad skrid til verket med slektshistorie frå Telemark i romanform, blir det nyhende av nasjonalt og internasjonalt format. Men i skogen under Solstad – langt under, må ein kunne seie – finst det bøker som lever sine liv på lokalforlag og sjølvpubliseringsforlag. Ofte står dei sterkt i lokalsamfunnet, og sel nesten ingenting på andre kantar av landet. Truleg får heller ikkje bøkene noko anna enn lokaldistribusjon.

FØLG OSS: På Facebook og Twitter!

Gode krefter

Ei av bøkene innan sjangeren er den nokså ferske boka Det trengs ei bygd .. VATNE. Barndomsminne frå 1950- og 60-talet, gitt ut på Kolofon forlag. Her har mange gode lokale krefter gått saman om å fortelje historier frå gamle dagar. Utgangspunktet var at Grete Karin Eik Nordahl utfordra den gamle skuleklassa si, dei fleste fødde i 1948, til å fortelje frå barndommen på Vatne. Resultatet er 16 kapittel med i hovudsak personleg formidling av lokalhistorie, i tekst og bilete.

Når ein kulturredaksjon i Oslo får ei slik bok på skrivepulten, er det lett å legge henne raskt til side: Denne får heller lokalpressa omtale. Om ein derimot tek seg tid til å bla i boka, får ein straks auge på det sympatiske ved prosjektet. Her blir vi innvigde i farefull leik på sjøis og kasting av mjølkespann, i korleis slekta budde tett innpå kvarandre, og korleis stua blei full av folk som ville sjå Fotball-VM hjå ein av dei få familiane som hadde fått fjernsyn i 1966.

Fabrikk på bedehuset

Kåre Bjarne Vatneødegård fortel om då dei fekk innlagt telefon og blei kopla på same linje som naboane. Dei måtte høyre på ringelydane for å finne ut kven av naboane det var telefon til. Og når familien Vatneødegård ringte ut, måtte dei via Elias Remme på telefonsentralen, som gjerne visste om folk var heime eller ikkje.

I Det trengs ei bygd .. VATNE høyrer vi både om gardsdrift og møbelproduksjon, som Vatnebygda hadde rikeleg av. Petter Krogsæters Møbelfabrikk produserte spisestovemøblar, senger, nattbord, kommodar, skjenkar og skåp. Vatne Lenestolfabrikk – eller Lenestolen på folkemunne – blei starta opp i bedehuskjellaren og produserte stoppa møblar.

Den kristne kulturarva er med som ein naturleg del av boka. I Vatnebygda på 1950-talet gjekk nesten alle ungane på søndagsskulen og i barnekoret. Og det var vanleg å gå på alle festar som var på bedehuset. Her kunne ein vinne fruktkorg på åresal, og sjå film og lysbilete som misjonær Kristi Osvik synte når ho var heime på ferie.

Takkar dei eldre

Til saman utgjer alle desse historiene eit større heile, eit blikk inn i eksistensvilkåra til dei som vaks opp i ei vestlandsbygd på 1950- og 1960-talet. I forordet takkar dei mange medverkande skribentane generasjonen før seg igjen, som på ulike vis var med på å fostre opp borna som i dag er i pensjonistalderen. Skribentane er glade for å ha lært at hardt arbeid og leik kan gå hand i hand, dei set pris på at dei fekk høve til å utfalde seg og utvikle kreativiteten sin saman med andre born, og dei kjenner stor takksemd fordi dei vaksne var med på å gi borna grunnleggjande verdiar som sjølvrespekt, tru, fridom under ansvar.

Det trengs ei bygd for å oppdra eit barn. Ei bok om sunnmørsbygda Vatne på 1950- og 60-talet er ikkje ei lokal utgiving med avgrensa nasjonal interesse. Ho er ei av mange brikker for å forstå det norske samfunnet.

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Bøker