Film

Dårleg utval på babykino

Det er ikkje berre Nils Ole Oftebro som er blitt stoppa i kinodøra.

I går skreiv Aftenposten om skodespelarparet Nils Ole Oftebro og Anette Hoff, som vart stoppa i døra då dei skulle ha med seg barnebarna på familiefilmen Paddington. Filmen har sju års aldergrense, og då seier reglane frå Medietilsynet at barn under fire år ikkje får lov til å sjå han – uansett kor mange besteforeldre dei har med seg.

LES OGSÅ: Færre filmar gir ikkje betre filmar

«Vi var kjempeklare, hadde kjøpt popcorn og gledet oss. I døren ble vi stoppet av to menn som sa at vi måtte snu,» fortel Oftebro, som meiner at episoden vitnar om ei «autoritær og totalitær formyndarhaldning» hjå Oslo Kino. Sjølve seier Oslo Kino at dei berre gjer jobben sin og følgjer reglane frå Medietilsynet.

Baby forbode

Det er lett å få sympati med Oftebro. Barnebarnet på 3,5 hadde neppe tatt skade av å sjå Paddington. Samtidig er aldersgrensene der av ein grunn. Eg blei sjølv stoppa i døra då eg skulle sjå Roy Anderssons nye film før jul. Det var midt på ein laurdag, og eg spurte dørvakta om det gjekk an å ha med ein sovande baby med øyreklokker inn på En due satt på en gren og funderte over tilværelsen. Det gjekk ikkje. Sjølvsagt, vil mange seie. Babyar med foreldre har sitt eige tilbod, nemleg babykino. Dermed blei det trilletur i Oslo sentrum i staden, mens kona var på kino.

Krigsfilm

Babykino-tilbodet i Oslo er nemleg ikkje noko å rope hurra for. Kanskje burde eg eigentleg det, for konseptet er prisverdig. Men – og tilgi ein nybakt pappa om eg tek feil – utvalet er for dårleg. Iallfall kunne vi sjå langt etter Roy Andersson den aktuelle helga før jul. Valet stod mellom Hobbiten og det britiske krigsdramaet '71. Storslagne og nervepirrande valdsscener i begge to, men kanskje ikkje førstevalet for familien på kinoekskursjon. Denne veka kan vi velje mellom ein ny krigsfilm (Unbroken) og ein film om skilsmisse (Staying Alive).

LES OGSÅ: Årets beste filmer

Utilstrekkeleg

Babykino skal vere tilrettelagt for foreldre i følgje med dei minste små. Det er topp at det er lov å amme i salen, og fint med dempa lys og lyd. Men det heiter på nettsidene til Oslo Kino at «babykino avholdes ukentlig og vi tilbyr de samme gode filmene som ellers i programmet.» Stemmer verkeleg det?

Mitt inntrykk er iallfall at utvalet på babykino er utilstrekkeleg. Definitivt eit I-landsproblem, eg veit. Men filminteresserte foreldre burde få litt fleire filmar å velje i enn skilsmisseproblematikk og krigsfilm. Så slepp vi å bli stoppa i døra når vi vil forlyste oss med Roy Anderssons nydelege tragikomikk.

Følg oss på Facebook og Twitter!

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Film