Meninger

Damer som tar kaka

Etter rebellane kjem flinkisane. Få maktar å vere noko anna enn ja, litt for perfekte i all sitt strev. Det kan rett og slett bli litt for flinkt no når alle skal vise oss korleis vi skal bli litt dårlegare.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Av: Laura Djupvik (43). Forlagsredaktør, skribent og forfattar

Ei tilståing først: Kaka var ei lys tropisk aroma. Min barndomsfavoritt, den mor mi laga med glans kvar gong nokon hadde bursdag. Den er berre ei av dei mange kakene frå det sunnmørske kakebordet eg vaks opp med – og den einaste eg har klart å bringe vidare.

Sjølv då eg budde under svært enkle forhold, bakte eg lys tropisk aroma. Kvar gong var ho ei openberring, må eg innrømme. Same kva som gjekk meg i mot, smakte ho himmelsk. Aldri vart ho tørr, slik ho fort kunne ha blitt. Den herlege kremen! Som det stod i oppskrifta eg hadde med heimafrå: Det kan vere ei utfordring å få kremen mjuk nok! Men eg fekk det til.

Då eg gjekk gravid for ti år sidan, var det slik: «Din baby et din mat gjennom morsmelka!» (Underforstått: Vil du øydelegge starten på livet for barnet ditt, di usunne hurpe?) Det skulle ikkje stå på meg at barnet ploppa ut med dei mest perfekte føresetnader som var å finne. (Og eg veit eg blir hata for å seie det, men naturleg fødsel gjekk heilt fint.)

No viser stadig fleire kvinner seg som mindre vellukka på heimefronten. Kvinner postar bilete av seg sjølv, frå uheldige posisjonar, og får masse likes. Dei serverer barna dårleg mat, dei drit i ekspertane, dei gjer som dei vil og dei vil tydelegvis ikkje bake lys tropisk aroma!

Det er som om lufta har begynt å gå ut av sjølve strevarkvinna i strevarfamilien. Denne superstressa og entusiastiske frontfiguren er i ferd med tippe over. Det var på tide! Heile sitt liv har ho prøvd å vise seg fram frå si beste side. Og så godt ho har kunna har ho prøvd å skjule dei dårlege sidene, alt dette med vekslande hell, men tru meg, det er ho fullstendig klar over.

Etter nokre år som mor vert det stadig vanskelegare å finne noko bra å vise fram. Huset er alltid rotete (babyar rotar, smårollingar øydelegg!) Kroppen forfell og ein er lite inspirerande å vere i lag med. Det er utmattande å lage mat frå supersunne, økologiske grønsaker absolutt heile tida, og endå meir utmattande å prøve å få barna til å ete dette. Det er utmattande å jobbe, kanskje pendle, amme litt, ja, i det heile å få det til å gå i hop. Men ein held då fram heilt til … noko skjer.

Ei venninne hadde bursdag, ho ønskte seg ei kake. Barna hylte og skreik, huset såg ikkje ut, eg hang stort sett med hovudet. Eg gjekk i gang. Lys tropisk aroma! Eg kom til festen med kaka i nyinnkjøpt plastkaketine. Eg nærma meg noko den kvelden, ei lukkekjensle berre ein verkeleg strevar kan kjenne komme, ei indre oppreising. Det gjorde heller ingenting at ein av gjestane trudde kjolen min var kjøpt i Paris (han var kjøpt i Drammen). Då kaka endeleg skulle delast, skuffa ho ikkje. Ho var god. Godorda begynte å komme. Ei sa noko om baking. Ei anna sa at ho diverre tydde til halvfabrikata. Og eg sa: «Halvfabrikata kan aldri bli det same som heimelaga.»

«Slikt må du aldri seie!» sa ei av gjestene, ei profilert kvinne med godt akta verdisett. Det kunne skape prestasjonsangst, kanskje mindreverdskompleks. Eg trur det var rett før ho meinte eg og kaka mi var i ferd med å skape eit kaldare samfunn.

Eg kunne ha sagt meir – at ein ikkje finn tropisk aroma som halvfabrikata. Berre tilsett vatn, liksom! Haha. At den lagast frå botnen, med merksemd, kløkt. At kremen bli heilt mjuk. Men det gjorde eg sjølvsagt ikkje. Det var då eg forstod at vinden hadde snudd. God kake var ut. Og flinke jenter er den nye skamma.

Sidan har dei blitt fleire, dei som no hyllar rotet, kaoset, ferdigmaten. Lave skuldrer, som det heiter, det er inn. Nokon las desperasjonen ut av samtida og viste han fram. Det gjorde godt. Det vellukka er så keisamt. Opprør er kjærkome. Å sette seg sjølv i scene som ei ikkje-meistrande heltinne i eit drama heilt overdimensjonert på røynd er mykje kulare enn å vise fram ein irriterande flat mage. Skamma over å komme til kort skulle endeleg bort.

Men det er få som lukkast i den krevjande øvinga det er å vise fram det minst fordelaktige med seg sjølv. Etter rebellane kjem flinkisane. Få maktar å vere noko anna enn ja, litt for perfekte i all sitt strev. Det kan rett og slett bli litt for flinkt no når alle skal vise oss korleis vi skal bli litt dårlegare.

Snart er skamma der igjen, ho flytter på seg sjølvsagt, elles hadde det ikkje vore mykje til skam. Vinden vil snu.

Kom å få kake! Skamma sit ikkje i glasuren, skal eg seie. Skamma sit i kor hardt vi prøver.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Meninger