Nyheter

Bob og Bonos bommert

Bono og Bob Geldof må slutte å omtale Afrika som «staden der ingen ting gror».

Sjå Band Aid 2014-videoen nederst i saka!

Han er sliten no, Bob Geldof. Men med paukar, fanfarar og trommevirvlar blei nyheten om at eviggamle Geldof samlar eit nytt Band Aid for å spele inn ein song for Afrika, presentert.

30 år etter at verdskjende musikantar song inn «Do They Know It’s Christmas?» til inntekt for naudhjelpsofra i Etiopia, har ei samling nye og gamle musikarar spelt inn songen på nytt. Denne gongen til inntekt for ebolaramma land i Vest-Afrika.

Vondt verre

Men stopp ein halv. Eit dårleg prosjekt blir ikkje betre om du gjer det ein gong til. For kva var det Geldof, U2s Bono og dei andre artistane gjorde i 1984? Jau, dei gjorde vondt verre.

Tekstforfattar Bob Geldof galvaniserte folks bilete av Afrika, dette store og mangfaldige kontinentet. Ja, vi snakkar om 54 svært forskjellige nasjonal­statar og to land med uavklart status.

30 år etter at Band Aid lurte på om afrikanarane var klare over at det snart var jul, har framleis mange eitt bilete av Afrika: ein stor stat heimsøkt av svolt og fattigdom.

Følg oss på Facebook og Twitter

For kva var det Geldof og Band Aid song i 1984 – og som dei repeterer i 2014? Jau, dei syng «Where nothing ever grows, No rain nor rivers flow».

Den naive teksten feia vekk den komplekse, men langt viktigare politiske forklaringa på svolt­katastrofen. Dessutan løynde songen det faktum at regimet i Addis Abeba brukte katastrofen til å bli kvitt opprørarar som truga makta.

Slitne stereotypiar

Nick Deardon er direktør i kampanjeorganisasjonen World Development Movement. I The ­Guardian peikar han på at Band Aid på nytt overser den politiske konteksten. Sierra Leone, Liberia og Guinea treng politiske løysingar, ikkje berre massiv vestleg bistand.

Deardon seier, ganske så rett, at Band Aid heller burde syngje om geopolitiske problem som tillet ebola å spreie seg framfor å tralle om gamle, slitne stereotypiar av fattige afrikanarar. Dei som låner øyra til songen – få kjøper plater i våre dagar – vil ikkje få ei større forståing av det som skjer i Vest-Afrika.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter