Nyheter

Tysklands lengste ord forsvinn

Sjekk kva «rindfleischetikettierungsüberwachungsaufgabenübertragungsgesetz» tyder.

I Tyskland elskar styresmaktene å setje saman lange ord for å beskrive juridiske og vitskaplege emne. Landets lengste ord blei introdusert av veterinærstyresmakter i delstaten Mecklenburg-Vorpommern i 1999:

Rindfleischetikettierungsüberwachungsaufgabenübertragungsgesetz.

Som omsett til norsk tyder noko slikt som lov om delegering av kjøtmerking.

Forsvinn. Men no forsvinn det 63 bokstavar lange ordet - ikkje fordi det er for langt, men fordi EU endrar lovverket om testing av storfe.

Sjølv på tysk var ordet så vanskeleg å uttale at ein innført ei kortform i daglegtalen: RkReUAUG, som heller ikkje var av den enklaste sorten.

Lengst? Etter at rindfleischetikettierungsüberwachungsaufgabenübertragungsgesetz no forsvinn ut av språket, har jakta på Tysklands lengte ord starta, melder BBC.

Ein god kandidat er donaudampfschifffahrtsgesellschaftskapitänswitwe, som tyder «enke etter ein Donau dampbåtkompanikaptein».

Men tyske lingvistar påpeikar at så lange ord sjeldan blir brukt i ordbøker. Difor er kraftfahrzeughaftpflichtversicherung det lengste ordet i ordboka. Det tyder bilansvarsforsikring.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter