Nyheter

Trur Israel vil knuse Hamas militært

Israelske og palestinske leiarar ønskjer ikkje krig. Men ingen av partane vil vere passive bombemål.

Midtausten-analytikaren Cecilie Hellestveit følgjer utviklinga i Israel og dei palestinske sjølvstyreområda nøye. Det som starta med drap på fire ungdommar, har no eskalert så kraftig at partane står på randen av ein ny Gaza-krig – den tredje på seks år.

– Israel ønskjer ikkje krig, men fordi Hamas har starta å skyte rakettar mot Israel på nytt, er Israels mål denne gongen å gå inn i Gaza og knuse den militære infrastrukturen til Hamas, seier Hellestveit, og held fram:

– Hamas har brukt perioden med våpenkvile til å skaffe seg betre rakettar. Desse kan nå mål over nesten heile Israel, og med det skape stor utryggleik blant israelarar. Difor vil Israel fjerne den militære kapasiteten til Hamas.

– Israel kan knuse Hamas militært no, men kan dei knuse Hamas politisk - sjølv om Hamas-leiarar no blir drepne vil organisasjonen rekruttere nye?

– Ja, hatet mot Israel vil vekse, og nye generasjonar av radikaliserte unge vil ta over for dagens leiarar, seier Hellestveit.

– Vil Israel bruke aksjonen til å svekke Hamas så kraftig at dei står att med langt meir føyelege palestinske leiarar?

– Det er nok eit mål, men det spørs kor representative desse leiarane vil vere.

LES OGSÅ: Forskere: Midtøsten-konflikten eskalerer raskere enn fryktet

Måtte svare. – Kvifor skyt Hamas rakettar mot Israel?

– Hamas er kollektivt svekka. Styrken dei hadde har forsvunne. Organisasjonen står nesten utan vener, særleg etter at Egypt og andre arabiske land har starta ei klappjakt på det muslimske brorskapet og andre islamistar. Når Israel svarte med angrep på Hamas etter at tre israelske gutar blei drepne, opplevde leiinga i Hamas at dei måtte svare, sjølv om dei står med ryggen mot veggen. Eigentleg ville dei ikkje starte å skyte rakettar mot Israel på nytt, men dei opplevde nok at dei måtte for å vise at dei framleis var handlekraftige, seier Hellestveit, som er forskar ved International Law and Policy Institute i Oslo.

LES OGSÅ: Israel kaller inn 40.000 soldater

Skal nå målet. Hellestveits analyse fyller ut det bilete som talsmannen for det israelske forsvaret (IDF) teikna i går:

– Operasjonen er bunden av tid. Han vil bli avslutta når vi har nådd målet og er sikre på at Hamas ikkje har fleire våpen, seier oberstløytnant Peter Lerner.

Han fortel at det er ein viktig skilnad mellom situasjonen i dag og den som rådde hausten 2012, då Israel gjennomførte ein vekelang militæraksjon i Gaza.

– Vi har større utfordringar i dag. Hamas har fleire rakettar enn i 2012, og desse er både meir presise og meir vidtrekkande, seier Lerner.

LES OGSÅ: Dette har du kanskje ikke hørt fra Israel de siste dagene

Sikre tryggleiken. IDF hevdar at Hamas har fleire hundre slike rakettar. I går landa to langdistanserakettar frå Gaza i sjøen ved storbyen Haifa nord i Israel, melder israelske medier.

– Ingen israelsk politikar vil akseptere at rakettar frå Gaza kan treffe sjølve hjartelandet i Israel, seier professor Nils Butenschøn ved Norsk senter for menneskerettar.

– Difor vil viljen til å slå hardt til mot Hamas vere sterk. Politikarane er blitt valt på lovnaden om å sikre tryggleiken til folket.

IDFs talsmann opplyste i går ettermiddag at Israel har avdekt 550 Hamas-anlegg i Gazza sidan den militære operasjonen starta. 60 av desse skal vere utskytingsanlegg for rakettar.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter