Religion

Tilbyr ultraortodokse jøder spesialmobilar

Ein mobiltelefonen spesiallaga for ultraortodokse jødar er no til sals i Israel.

Jødar kan no velje det gamle språket jiddisch på sin nye mobiltelefon. Det nest største telefonselskapet i Israel, Partner, har nemleg laga ei telefon spesielt for ortodokse jødane som framleis brukar det religiøse språket. Det skriv Kristeligt Dagblad på sine heimesider.

Eldre jødar. Språket jiddisch oppstod mellom jødar i Sør-Tyskland omkring år 1000, og er ei blanding av tysk og hebraisk. Jiddisch vert for det meste brukt av eldre jødar i ultraortodokse miljø i Israel, miljø som tydelegvis er store nok til at Partner satsar på ein eigen mobiltelefon spesielt til denne gruppa.

«Koshermobil». Det er ikkje fyrste gongen at mobilselskap freistar å lokke til seg jødiske kundar. For fleire år sidan vart det laga ein koshermobil, som følgde dei retningslinjene jødane må leve etter. Difor var det ikkje mogleg å skrive tekstmeldingar eller surfe på internett, og oppringingar til erotiske linjer vart blokkerte.

– Ein kan hamne på svært lite formålstenlege stader på internett med ein vanleg mobiltelefon, og folk kan skrive beskjedar til deg som du ikkje eingong ville tore å seie høgt, kommenterte Rabbi Baruch Shraga til nyhendebyrået Reuters den gongen.

Han deltok i rabbinerkomiteen som var med å lage reglane for koshermobilen.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Religion