Nyheter

Tåfis mot malaria

Sure sokkar kan hindre malariadød i utviklingsland.

Det har eit forskarteam frå Ifakara Health Institute i Tanzania oppdaga.

Dei afrikanske forskarane fann ut at fotsveitte, eller tåfis på folkemunne, skal vere den mest effektive måten å tiltrekkje blodtørstig malariamygg på. Ein sur sokk, eller ei syntetisk lukt som liknar, skal kunne lokke til seg fire gonger så mange mygg som eit menneske.

- Vi håpar at oppfinninga vil vere ei del av løysinga på malariaproblemet, seier Fredos Okumu, som har utvikla den illeluktande myggdreparen.

Ideen går ut på at myggen vert fanga i stinkande kasser og deretter forgifta. Kassene skal plasserast utanfor bustaden og fungere som eit supplement til myggnett og myggspray.

Malaria tar årleg livet av nærmare 800.000 menneske, dei fleste av desse born. Kvart år vert 250 millionar menneske smitta med malaria.

Forskarane har no fått eit stipend av Bill & Melinda Gates Foundation og organisasjonen Grand Challenges Canada (GCC) for å vidareutvikle ideen sin, melder GCC på sine heimesider.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter