Nyheter

Svidde av by - drap barn

17 døde i Frankrike fekk enorm merksemd verda over. Blodbadet i Nigeria blei berre registrert.

– Fleire afrikanske statsleiarar har ingenting å tene på å vere bekymra for massakren i Nigeria. Landets eigen president, Goodluck Jonathan, er meir opptatt av drapa i Paris enn i Baga, seier Nupi-forskar og Nigeria-kjennar Morten Bøås til Vårt Land.

– Kvifor?

– Han skal vinne presidentvalet i februar.

Følg oss på Facebook og Twitter

2015 har starta med to terroraksjonar som har fått svært ulik merksemd. Sist sundag stod Frankrike stille. Statsleiarar frå ei lang rekkje land og opp mot fire millionar menneske samla seg i Paris for å protestere mot terroren som drap 17 menneske sist veke:

12 døde i nedslaktinga i redaksjonslokala til satirebladet Charlie Hebdo, ei politikvinne blei kjørt ned og fire kundar i ein jødisk butikk blei skotne.

LES MER: Ekstremistene og deres ofre

Ansvarleg: Tre menn som sa dei hadde band til terrorgruppa Al-Qaida i Jemen.

Ingen statsleiarar kom til Lagos for å gå i protesttog mot massakren nord i Nigeria. 2015 var ikkje mange dagane gammalt før byen Baga og 16 andre stadar rundt blei storma og brent ned til grunnen i eit angrep som varte i fleire dagar og drap mange:

Amnesty seier at så mange som 2.000 kan ha mista livet. Styresmaktene i Nigeria seier 150.

Ansvarleg: Krigarar frå den frykta opprørsgruppa Boko Haram, som har band til terrorgruppa Al-Qaida i Maghreb.

LES MER: 50 drept av terror hver dag

Stor skilnad

– Eg er skamfull over at dei 2.000 menneska som blei drepne i Boko Harams største massakre nesten ikkje får mediemerksemd, seier terroranalytikaren Max Abrahms i ei twitter-melding.

Han er førsteamanuensis ved Northeastern University i Boston.

I fleire afrikanske land reagerer samfunnsdebattantar, skribentar, kyrkjeleiarar og andre på at massakren i Paris er viktigare enn massakren i Baga:

– Eg er Charlie, men eg er Baga også, skriv spaltisten Simon Allison i den sørafrikanske nettavisa Daily Maverick. Han skriv vidare at «det er massakrer og det er massakrer»; afrikanske liv er mindre verdifulle enn vestlege.

– Talet på døde varierer, men Amnesty International melder at det kan vere så mange som 2.000 døde – noko som tilsvarar 133 Charlie Hebdo-angrep.

Men Simon Allison legg ikkje skulda på vestlege medier for at Paris blir viktigare enn Baga. Også afrikanske medier hadde svak dekning av terrorangrepa nordaust i Nigeria, fortel han.

LES MER: 35 drept og 185 bortført i Boko Haram-angrep

Teier om Baga-drapa

Simon Allison og Elnathan John, nigeriansk jurist og forfattar, peikar begge på ei anna forklaring: Afrikanske statsleiarar meiner Paris er viktigare enn Baga – det er lettare å vise medkjensle med drap i Europa enn i Afrika. Elnathan John deler ei twittermelding frå Nigerias finansminister der han kondolerer Frankrike etter Paris-angrepa, men som ikkje nemner Baga-drepinga med eitt ord.

The Guardian siterer den nigerianske journalisten Joel Nwokeoma som meiner at verdssamfunnet ignorerer Baga fordi nigerianske leiarar ikkje bryr seg om massakren.

Den katolske erkebiskopen i Jos, Ignatius Kaigama, rettar derimot sterk kritikk mot Vesten: Nigeria kan ikkje konfrontere Boko Haram åleine, seier han til BBC. Den nigerianske kyrkjeleiaren etterlyser støtte frå det internasjonale samfunnet, og leiarar handterer Baga-drapa med like stor innleving som Paris-drapa.

LES MER: Verdas rikaste terroristar

Morten Bøås ved Norsk utanrikspolitisk institutt (Nupi) meiner vi ikkje hadde fått debatt om underdekning av Baga-drapa om det ikkje var for at dei fall saman i tid med Paris-drapa.

– I vår del av verda er Paris og Frankrike mykje nærare enn Baga og Nigeria. Vi kan identifisere oss med dei som blei ramma, vi kan kjenne på frykta angrepa skaper. Slike kjensler får vi ikkje i møte med drapa i Baga.

– Men tilbake til Nigerias president, Goodluck Jonathan, kvifor er det lettare for han å vise medkjensle med Frankrike enn med eigne borgarar som blir offer for Boko Harams herjingar?

– Jonathan har kontroll på det kristne sør i Nigeria medan rivalen Muhammadu Buhari har kontroll på det muslimske nord. I midten, der det både bur kristne og muslimar, er ein mykje mindre opptatt av Boko Haram, som held til i nordaust. Dette området vil både Jonathan og Buhari vinne for å bli president – og Jonathan vinn lite på å snakke mykje om Boko Haram, seier Bøås.

LES MER: Kristne flykter i frykt for «religiøs rensing»

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter