Nyheter

Skandalekongen Juan Carlos takkar av

Han redda Spanias skjøre demokrati.
 Men snubla i skatte­snusk, elefantjakt og elskarinne.

Spanias påtroppande konge kan bli ein overgangsfigur. Landet kan kome til å erstatte monarkiet med ein republikk, for dei siste åra har republikanarane hatt vind i segla, takka vere monarkens oppførsel.

Analysen kjem frå kongehuskjennar Carl-Erik Grimstad. Han viser til meiningsmålingar som fortel at stadig fleire spanjolar vil avskaffe monarkiet som institusjon. I januar sa 49,9 prosent til å skrote kongehuset.

I går kom meldinga som vil nøre opp i republikkdebatten:

Kong Juan Carlos abdiserer.

LES MER: Kong Juan Carlos abdiserer

Jaga kuppmakarar. Seinast i januar sa 62 prosent at 76-åringen burde stige ned frå trona og la kronprins Felipe bli konge. Sjølv skatteinnkrevjarane i kriseråka Spania var meir populære enn monarken. Då dronning Beatrix av Nederland leverte inn kappe og krone i fjor vår, og let sonen overta, kravde spanjolar at det same burde skje i Spania:

Gå av, Juan Carlos, gå av!

Men monarken som har styrt Spania sidan 1975 var dauv på det øyra. Han kjende seg ikkje kalla til å abdisere. Han var trass alt kongen som restaurerte monarkiet, som blei eit nasjonalt samlingssymbol i åra etter at diktatoren Francisco Franco døydde og som jaga offiserane som prøvde seg på kupp inn i skammekroken.

«Kongar abdiserer ikkje, dei døyr i senga», var kong Juan Carlos’ leveregel, fortel tidlegare hoffarbeidar José Ortega til avisa El Pais.

Redda demokratiet. – Sjølvsagt vil kong Juan Carlos bli hugsa som monarken som redda det skjøre spanske demokratiet. Men han vil aller mest bli hugsa som kongen som abdiserte som følgje av fleire skandalar, seier Grimstad, som er førsteamanuensis ved Markedshøyskolen.

Spanias sterke mann frå 1939 til 1975, general Franco, handplukka i 1969 Juan Carlos til å bli landets neste konge. Og etter at Franco døydde i 1975, blei kongehuset Bourbon restaurert ved at sonesonen til kong Alfons III, som blei styrta i 1931, blei nytt statsoverhovud.

Rolla som nasjonens høge vernar fekk kong Juan Carlos i 1981 då ei gruppe offiserar storma inn i nasjonalforsamling i Madrid og prøvde å gjennomføre eit kupp. Monarken talte via TV til folket og bad dei slutte opp om det legitime demokratiet, og ikkje kuppmakarane. Folket lytta til kongen.

– Han valde å stå opp for demokratiet – sjølv om ingen kravde det. Juan Carlos var ganske åleine om å ta det valet. Talen styrka hans posisjon i Spania. Han blei ein monark folk såg opp til, seier Grimstad.

Svindel og kvitvasking. Lenge var det ein uskriven regel i spansk media: Ein publiserte ikkje negative saker om kongehuset. Men i 2011 kom omslaget. Det blei kjent at kong Juan Carlos' svigerson, Inaki Urdangarin, var knytt vel tett til ei korrupsjonssak. Tre år seinare står kongehuset Bourbon i retten. I januar møtte syster til Spanias neste konge, prinsesse Cristina, til rettslege avhøyr om svindel, skatteunndraging og kvitvasking. Det er kongens svigerson som er hovudmistenkt. Han blir etterforska for underslag av 50 millionar kroner frå ei stifting han var leiar for, Noos Instituto. Prinsesse Cristina var styremedlem i Noos, og saman med mannen eigde ho firmaet Aizoon, som er mistenkt for å ha vore eit dekke for kriminell verksemd. Begge avviser alt.

Men domstolens avgjer om å kalle inn kongsdottera var nok eit hardt slag for det spanske kongehuset og mot kong Juan Carlos personlege prestisje.

Likevel er kongens svekka popularitet mest eit resultat av eigne handlingar. Kritikken mot garderoben til kronprinsesse Mette-Marit blir som krusingar i eit champagneglas på ei karibisk ferieøy samanlikna med brottsjøane som har feia inn over det spanske kongehuset.

– I Spania må kongen og hans familie etterleve strenge, katolske moralreglar. Dei braut Juan Carlos – og det blei kjent, fortel Grimstad.

Jakt med elskarinne. I 2012 reiste kong Juan Carlos på eksklusiv elefantjakt i Botswana – med elskarinna. Samstundes var ein av fire spanjolar arbeidsledige – og dronning Sofia planla gullbryllaupet.

Under jakta i Botswana fall kongen og øydela hofta. Ulukka blei kjent i Spania då kongen blei flydd heim for operasjon. Spanske medier braut tagnaden, og fordømminga av kongen blei sterk. Samstundes blei også feriefølgje vist fram. Den tyske adelskvinna Corinna zu Sayn-Wittgenstein blei raskt kjent som kongens elskarinne.

Dronning Sofia avlyste feiringa av gullbryllaupet og den spanske staten gav ikkje ut myntar og frimerke som heidra kongeparet. Kongen prøvde å kome på offensiven med å sende ut ei «orsaking» til folket, men lukkast ikkje. Meiningsmålingane som kom viste at Juan Carlos var på defensiven.

Må prestere. – Trykket mot kongen har vore kraftig, så ein kan forstå at han no abdiserer, seier Grimstad, og legg til:

– Men dette blir soga om monarken som hadde sterk autoritet, men som fall djupt.

– Vil kong Felipe bli møtt med dei same strenge, katolske moralreglane?

– Ja, han må bu seg på å 
halde stien rein, og spanske medier vil følgje han og familien nøye.

Grimstad meiner den komande kongen må vise seg posisjonen verdig om monarkiet ikkje skal bli erstatta med republikk i Spania.

– Han må prestere noko, slik faren gjorde i starten.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter