Nyheter

Seksuell legning fjerna frå vern mot vilkårlege drap

Knapp avrøysting i FN-komite for menneskerettar.

Ei avrøysting i menneskerettskomiteen under FNs Hovudforsamling har sett sinna i kok hos menneskerettsaktivistar og homorørsla.

Seksuell legning blei i ei spanande avrøysting fjerna frå ein resolusjon som vernar menneske mot vilkårlege avrettingar.

FNs Hovudforsamling vedtek slike resolusjonar som fordømmer vilkårlege avrettingar og andre drap. Slike resolusjonar brukar å komme med jamne mellomrom. Den ferskaste resolusjonen er frå 2008, og den nemnde direkte drap av menneske med homofil og lesbisk legning.

Representantar for Mali og Marokko, to afrikanske land, føreslo ei endring på vegne av andre afrikanske og islamske land. Forslaget gjekk ut på å fjerne omgrepet seksuell orientering og erstatte dette med omgrepet «diskriminering på anna grunnlag».

Endringa vart vedteken med 79 mot 70 røyster og vart deretter godkjent av komiteen med 165 røyster for, 10 avhaldande og ingen imot.

Det er FNs Hovudforsamling som i desember skal vedta resolusjonen. Resolusjonen nemner spesfikt drap på grunnlag av rase, nasjonal, etnisk, religiøs eller språkleg grunn og drap av flyktningar, urfolk eller andre grupper.

Mange av landa som røysta for, vil ikkje at deira eigen anti-homopolitikk skal fordømast av FN.

Ein talsmann for utanriksminister Hillary Clinton i USA sa seg skuffa over avrøystinga og endringa i resolusjonen.

Norges FN-ambassadør Morten Wetland er opprørt.
– Det gjekk ei alarmklokke då avstemninga nærma seg, seier Norges FN-ambassadør Morten Wetland til Aftenposten.
– Det var en svart dag i FN. Det var et tilbakeskritt, sier Wetland.
Den omstridde FN-resolusjonen vert vedteken annakvart år, og Norges delegasjon motarbeidde ei endring av ordlyden.
Ifølgje Wetland arbeidde spesielt Den islamske konferanseorganisasjon (OIC), ein samarbeidsorganisasjon av 57 islamske land, for å få ordlyden endra.
– Vi merka oss at nesten alle dei afrikanske og karibiske landa nå stemte motsett av oss. Tidligere har biletet vore meir variert, seier Wetland.
Han håpar no at saken vil komme opp til ny behandling i FNs hovedforsamling.
– Det er ikke så vanleg å gjere det på den måten, men det har skjedd tidlegare.

Her er dei landa som gjekk inn for endringa:

Afghanistan, Algeria, Angola, Azerbadsjan, Bahamas, Bahrain, Bangladesh, Belize, Benin, Botswana, Brunei, Burkina Faso, Burundi, Kamerun, Kina, Komorene, Kongo, Elfenbenkysten, Cuba, Nord-Korea, Den demokratiske republikken Kongo, Djibouti, Egypt, Eritrea, Etiopia, Ghana, Grenada, Guyana, Haiti, Indonesia, Iran, Irak, Jamaica, Jordan, Kazakstan, Kenya, Kuwait, Libanon, Lesotho, Liberia, Libya, Madagaskar, Malawi, Malaysia, Maldivene, Mali, Marokko, Mozambique, Myanmar/Burma, Namibia, Niger, Nigeria, Oman, Pakistan, Qatar, Russland, Rwanda, Saint Kitts and Nevis, Saint Lucia, Saint Vincent og Grenadines, Saudi Arabia, Senegal, Sierra Leone, Somalia, Sør-Afrika, Sudan, Surinam, Swaziland, Syria, Tajikistan, Tunisia, Uganda, De forente arabiske emiratene, Tanzania, Uzbekistan, Vietnam, Yemen, Zambia, Zimbabwe.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter