Nyheter

Scientologi-sjef skulda for grov valdsbruk

Fleire tidlegare scientolog-toppar meiner toppsjefen handsama medlemmane som slavar og misbrukte dei tilsette.

David Miscavige er øvste leiar i sekta Scientologi-kyrkja, som har hovudsete i USA. CNN publiserte tysdag intervju med fleire tidlegare scientologar som fortel om vold og misbruk frå Miscavige.

- Eg såg han gjekk til åtak på Mike Rinder (tidlegare pressetalsmann for kyrkja), slo han - i magen og andletet, skrapa andletet hans mot eit tre til han blødde, drog han ned i gjørma og sparka han. Utan å seie eit ord.

Det fortel Marty Rathbun som fram til 2004 hadde toppstilling i kyrkjas «Religious Technology Center».

Rinder sjølv stadfestar at han rundt femti gonger skal ha blitt offer for Miscaviges valdsbruk

LES OGSÅ: Scientologer vil helbrede Haiti-ofre

- Løgn. Tommy Davis, den religiøse organisasjonens noverande pressetalsmann (han tok over etter Rinder) seier til CNN at leiar Miscavige aldri har brukt vald mot sine tilsette.

- Dei lyg, og det er latterleg. Det var dei to personane som brukte vald, og det var ein av årsakene til at dei slutta, seier Davis.

Rathbun innrømmer sjølv at han brukte vald.

- Men det var fordi Miscavige ville eg skulle gjera det. Han pleide å plaga meg fordi eg ikkje viste nok lojalitet overfor ham ved å bli voldelig mot folk.

Fleire fortel. St. Petersburg Times i Florida var dei som fyrst skreiv om skuldingane i juni 2009. Dei intervjua Rinder og Rathbun, men CNN har no fått tak i fleire tidlegare medlemmar som fortel om valden som Miscavige skal ha stått for. To «meinige» medlemmar, Jeff Hawkins og Tom DeVocht, stadfestar voldskulturen som går heilt til topps hos Scientologane.

- David Miscavige var han som leia heile valdsbølgja, og det var han som banka folk opp, sier Hawkins til CNN.

LES OGSÅ: Scientologi-topp bryter med bevegelsen

Les mer om mer disse temaene:

Jarle Sanden

Jarle er papirsjef i Vårt Lands publiseringsavdeling

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter