Religion

Religion viktig i fattige land, lite viktig i rike

Folk i Norden på botnen i religiøs interesse, viser undersøking.

Amerikanske Gallup har gjennomført ei spørjeundersøking i 114 land for å måle kor viktig religion er for folk i desse landa.

Medianinteressa for religion er på 84 prosent, uendra frå tidlegare år, viser undersøkinga til Gallup.

I ti land seier meir enn 98 prosent av dei spurte at religion er ein viktig del av liva deira. I Bangladesh svarar 99 prosent av dei spurte at religion er viktig. Også i Niger, Yemen, Indonesia, Malawi, Sri Lanka, Somaliland, Djibouti, Mauretania og Burundi svarar meir enn 98 prosent at religion er viktig.

Fattige. Alle desse landa er meir eller mindre fattige, med ei per capita-inntekt på mindre enn 5.000 dollar. Dette viser den sterke samanhengen mellom fattigdom og syn på at religion er viktig.

Gallup har målt kor viktig religion er for folk ut frå inntekt. I land med ei per capita inntekt på mindre enn 2.000 dollar seier 95 prosent at religion er viktig. For folk med inntekt over 25.000 dollar seier berre 47 prosent at religion er viktig.

USA. I USA seier 65 prosent at religion er viktig. Av rike land er det berre folk i Italia, Hellas, Singapore og folk i oljerike Golfstatar som seier at religion er meir viktig enn folk i USA.

På botnen i religiøs interesse finn vi fleire rike land og fleire land i den tidlegare austblokka. I Estland svarar 16 prosent at religion er viktig. I Sverige svarar 17 prosent at religion er viktig, og i Danmark svarar 19 prosent. Like over kjem Japan, Hong Kong og Storbritannia (27 prosent). I Russland svarar 34 prosent at religion er viktig.

Fattige i kamp. Ein teori forskarane har er at religion er viktig for fattige for å hjelpe dei i den daglege kampen for tilværet. Norge er ikkje med i undersøkinga. Undersøkinga blei gjennomført i 2009.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Religion