Nyheter

Palestina-ven ut mot Gaza-aktivistar som ville bli martyrar

Arne Ørum kritiserer norske aktivistar som ukritisk drog på båttur mot Gaza.

Al Jazeera viste før bordinga av et tyrkiske skipet Mavi Marmara eim reportasje frå flåten der muslimske aktivistar ropte slagord om å drepe jødar, og ei kvinne sa i intervju at anten kom dei til Gaza, eller så blei dei martyrar.

Den gamle Palestina-aktivisten Arne Ørum er opprørt over det han ser. Han fann att videoen på YouTube, lagt ut av Palestinian Mediawatch.

– Det er vanskeleg å vere Israel-ven, men det er ikkje lettare å vere Palestina-ven, seier Ørum til Vårt Land.

Han seier at det er svært lett å bli gissel når ein går ombord i ein aktivistbåt med slike folk. Ørum meiner dte var gode grunnar for dei som gjekk ombord i Mavi Marmara å forstå at dei var i ei brokete forsamling. Kritikken rammar både forfattaren Henning Mankell og fleire norske aktivistar.

– Di fleire slike ekko vi får frå middelalderen, di vanskelegare er det å ta stilling til rett og gale, seier Ørum.

Han kritiserer at «alt går i éi retning» i den offentlege debatten og i mediaframstellinga.

Martyrar. Tyrkisk presse skriv at tre av dei fire drepne tyrkiske statsborgarane ombord på Mavi Marmara, skipet som vart borda av israelske kommandosoldatar 31. mai, ville døy som martyrar.

– Eg ville bli martyr. Eg har drøymt om det, seier ein av dei.

– Martyrdøden kledde han godt. Allah ga han den døden han fortente, sier eit svigerbarn av ein av dei andre døde.

– Han drøymde om å bli martyr, seier ein tredje av dei døde, skriv Dagbladet.

Det israelske forsvaret har lagt ut video på youtube, ein video som skal vise at ein deltakar på konvoien seier at han gjerne ville bli martyr.

Kjemper. Videoen er lagt ut i eit slags siste forsøk på å vinne verdsopinionen etter at ni Gaza-aktivistar blei drepne ombord i det tyrkiske skipet Mavi Marmara måndag for ei drøy veke sidan. Det skriv den israelske avisa Haaretz.

Israelske soldatar prøvde natt til måndag 31. mai å stogge seks båtar på veg til Gaza 10 mil frå land, i internasjonalt farvatn. Soldatane var utstyrte for å spreie ei vanleg mengde demonstrantar i ei rutineoperasjon. Istaden møtte dei hard motstand under bordinga og hevdar også at fleire aktivistar skaut mot soldatane. Ni aktivistar vart drepne, og protestane er sterke.

Reagerer. Palestina-venen Arne Ørum reagerer på martyr-draumane. Han skriv på Facebook:

«Har vi Palestina-venner redigert bort dette? Hvis vi mener det er israelsk propaganda - må vi vel si det da? Men er det faktisk det? Og - er det riktig å hylle en fredskonvoi som ikke bare besto av hverdagsslitere, bestemødre, diktere og fredsprisvinnere for fred, men også islamister som brøt med ikke-voldslinjen og ønsket martyrdøden for seg og sine? Blant hundrevis av passasjerer var også en mor - som bar et ett år gammelt barn "varsomt på armen." Jeg forventer ikke at noen skal si - dette ble feil - vi var egentlig gisler. Men jeg mener vi må tenke om igjen. - Israel gjorde alt feil her, fra begynnelsen og til the bitter end, men so...?

Kritiserer. Den israelske analytikaren Joseph Alpher, som sjølv er ein skarp kritikar av både blokadaen av Gaza og bordingsskandalen, gjesta Oslo sist veke. Men han er også svært kritisk til den «politisk korrekte versjonen» av hendinga slik han også møtte den i Oslo.

I nett-dialogen bitterlemons.org skriv Alpher at han vart overraska då han «gjesta ein hovudstad i Europa» sist veke over kor lett mange observatørar vart overtydde om at Israels kommandosoldatar utførte ei planlagt slakt av uskuldige fredsaktivistar. Han viser til at dette skjer trass i det han kallar overveldande visuelle prov på at aktivistane slett ikkje var det, og trass i at Israels militære sjefar ope vedgår at dei handla ut frå feilaktig etterretning.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter