Nyheter

Overlevde i Chilegruva - døypt i Jordanelva

Chilenske gruvearbeidarar som overlevde 69 dagar under jorda, har vore på ei vekes pilegrImstur.

Dei 33 gruvearbeidarane har, saman med familiane sine, vore på reise til ei rad heilage stader i Israel og på Vestbreidda. Dei var ved Klagemuren i Jerusalem, i Kapernaum ved Genesaretsjøen og i Fødselskyrkja i Betlehem.

Døypte. Fleire av dei vart døypte i Jordanelva. Etterpå sa dei at dei var gjenfødde. Ein av gruvearbeidarane, Richard Villarroel, døypte sonen sin, melder Det israelske turistdepartementet.

– No då min nyfødde er døypt i Guds namn i Jordanelva, føler eg meg tilfreds, sa Richard Villarroel

Seremonien skjedde på Yardenit - døypestaden som er under israelsk kontroll nær Genesaretsjøen. Dette er ein av fleire stader der ulike tradisjonar meiner at Jesus vart døypt. Ein annan slik stad ligg i Jordan, på austsida av elva.

Nasaret. Gruvearbeidarane var også i Maria bodskapskyrkje i Nasaret, kyrkja som er bygd til minne om englebodet til Maria. Der vart dei helsa av den katolske biskopen av Nasaret:

– Gud redda dykk, og eg ønskjer dykk velkomne til denne heilage staden. De er eit føredøme for andre, og eit symbol på styrke og mot, eit føredøme for alle truande over alt.

Dei gjesta også Dødehavet.

Kritikk. I Chile går debatten framleis om kvifor gruveulukka skjedde. Ein kongresskommisjon har skulda eigarane av san Jose-gruva for ulukka som sperra inne 33 gruvearbeidarar. Kommisjonen seier at Alejandro Bohn og Marcelo Kemeny er skuldige i forsømmelse, ei skulkding dei to avviser, skriv BBC.

Kommisjonen seier at gruva mangla grunnleggjande tryggingstiltak. Også det statlege gruvetilsynet har fått kritikk. Kongressen skal røyste over forslaga som kommisjonen har lagt fram.

Slektningar til fleire av gruvearbeidarane og fleire av gruvearbeidarane har kritisert gruveeigarane, dei har skulda eigarane for ikkje å bry seg med tryggleik og retningslinene for tryggleik. BBC melder at nokre av gruvearbeidarane går til retten etter ulukka.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter