Nyheter

Møtte dødstruslar frå Taliban med tru på Jesus

Shahbaz Bhatti var uredd i kampen mot ekstremisme.

Den pakistanske minoritetsministeren Shahbaz Bhatti som onsdag vart drepen av Taliban på grunn av kampen sin mot blasfemilova, var truga av Taliban og Al-Qaida.

I eit intervju som BBC fekk tilsendt og som vart publisert etter drapet, fortalde Bhatti om trugsmål frå det han kalla valdskreftene - Taliban og Al-Qaida.

SJÅ INTERVJUET MED SHAHBAZ BHATTI PÅ BBC

– Dei vil presse sin radikale filosofi på samfunnet. Og alle som er mot denne filosofien, blir trua. Når eg går mot sharialov og blasfemilov, truar Taliban meg, sa Bhatti i dette videointervjuet.

– Men eg trur på Jesus Kristus, at han har gitt sitt liv for oss. Eg veit kva krossen tyder. Eg er klar til å døy for mine prinsipp og for rettferd for folket mitt, eg vil ikkje kompromisse, sa Bhatti.

Skoten. Bhatti vart skoten ned i Islamabad onsdag. Taliban tok på seg ansvaret. Bhatti er mellom anna kjend for å ha kjempa mot blasfemilova. Lova seier at den som snakkar ille om islam eller profeten Muhammed, forbryt seg og risikerer dødsstraff.

Videointervjuet som vart offentleggjort av ei gruppe som kallar seg First Step Forum, er ifølgje opplysningar BBC har fått, laga for fire månader sidan.

Uro for kristne. Drapet er også møtt med sterke kyrkjelege protestar frå Vatikanet, Kirkenes Verdensråd og Den anglikanske kyrkja. Det er aukande uro for den kristne minoriteten i Pakistan.

– Religionsfridommen må straks forsvarast, og kristne må vernast mot vald og forfølging, sa Vatikanet sin talsmann, Fedrico Lombardi, etter åtaket.

LES OGSÅ: Fordømmer drap på kristen pakistansk minister

LES OGSÅ: Kristen minister drepen i Pakistan

SJÅ BILETSERIE FRÅ SORGA

Guvernørdrap. I januar vart guvernør Salman Taseer i Punjab drepen. Også guvernøren hadde retta open kritikk mot blasfemilova. Ei kristen firebarnsmor er dømt til døden for å ha sverta profeten Muhammed. Etter drapet på guvernøren gjorde Bhatti det klart at han ville halde fram kampen mot blasfemilova. Begge har støtta firebarnsmora.

– Eg vil kjempe mot blasfemilova. Desse fanatikarane kan ikkje stoppe meg frå å kjempe mot misbruket av blasfemilova, sa Bhatti den gongen, ifølgje CNN.

– Dei religiøse ekstremistane sa til meg at dersom eg ville endre blasfemilova, ville dei drepe meg, sa han.

Fordøming. Drapet har møtt unison fordøming frå politiske leiarar som USAs president Barack Obama og utanriksminister Hillary Clinton.

– Eg fordømmer drapet på sterkast mogeleg måte. Dei som stod bak dette drapet, må stillast for retten, sa Obama.

Storbritannia stiller seg også bak fordøminga.

– Drapet på Shahbaz Bhatti representerer eit nytt lågpunkt i Pakistans kamp mot valdeleg religiøs ekstremisme. Bhatti var ei kraftfull stemme mot ekstremisme og ei fryktlaus stemme for toleranse og respekt for minoritetar. Hans død er eit tragisk tap for Pakistan, seier Alistair Burt som er ansvarleg for Sør-Asia i det britiske utanriksdepartementet.

Bakgrunn. Bhatti vart fødd 9. september 1968 i ein kristen familie i landsbyen Kushpur. Faren Jakob tenestegjorde i hæren før han vart lærar og seinare leiar i Kyrkjerådet i Kushpur. I august i fjor vart han sjuk, og helsetilstanden vart forverra etter nyhendet om drapet på guvernør Salman Taseer 4. januar 2011, melder AsiaNews.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter