Nyheter

- Mormonar lærer falskt, kan ikkje vere president i USA

Evangelikal magasinutgjevar åtvarar mot Mitt Romney og «den falske læra» til mormonarane.

Mitt Romney seglar opp som den republikanaren som i følgje meiningsmålingane kan slå Barack Obama i presidentvalet i USA neste år.

Romney er mormonar og har vore mormonsk misjonær i Frankrike. Ei meiningsmåling utført av Quinnipiac University viser at nær fire av ti veljarar (36 prosent) i USA er ukomfortable med å ha ein mormonar som president.

DISKUTER PÅ VERDIDEBATT: Kan en mormoner bli president i USA? Og ville en mormoner hatt noen sjanse til å bli statsminister i Norge?

- Ikkje talsmann. Sjølv svarar Romney, i eit intervju med CNN, at hans mormonske tru ikkje vil styre presidentgjerninga hans, dersom han blir vald.

– Du tek ikkje til å la doktrinane i ein religion vere rettesnor for å styre eit land eller stat, seier Romney til CNN.

– Eg er ikkje ein talsmann for kyrkja mi, seier Romney til CNN, referert av USAToday.

Reuters skriv at amerikanske veljarar likevel synest å vere meir innstilte på ein mormonar som president i dag enn dei var i 2008 då Romney først prøvde å bli republikansk president. Men i ytterkantane er det likevel mange som er mistenksame til mormonaren. Telegrambyrået noterer seg at Quinnipiac-målinga viser at veljarane er mindre komfortable med ein mormonar som president enn dei ville vere med ein leiar frå alle andre religionar, unnateke ein muslim. jamvel ein ateist skårar betre enn ein mormonar.

- Falsk lære. Warren Cole Smith er ein evangelikal journalist og medutgjevar av WORLD Magazine. Han skreiv på nettsida Patheos kvifor han ikkje ville støtte mormonaren Romney som president.

LES OGSÅ: Sjokkmåling: Obama ville tapt for Mitt Romney

Smith skreiv at medan «vanleg visdom» tilseier at mormonismen til Romney verken vil eller bør vere ein faktor i presidentvalet, meiner Smith at denne konklusjonen er feil.

– Hans religiøse verdsyn vil vere vital i hans styringsfilosofi, og vil avgjort vere den saka som underminerer kandidaturet hans, skreiv Smith.

Han la til at mormonarane har det Smith kallar falsk lære.

– Å plassere ein mormonar i Det kvite hus ville vere å normalisere den falsk læra til mormonarane verda over. Det ville også vere ei opning for mormonarmisjonærar verda over, skreiv Smith.

– Ei stemme til Romney vil vere ei stemme til mormonarkyrkja, skreiv Smith.

– Visse kvalifikasjonar gjer ein kandidat uskikka. Eg meiner at ein kandidat som enten ved intensjon eller som effekt promoterer ein falsk og farleg religion, er uskikka, konkluderte Smith.

Protesterer. Ein talsmann for mormonarkyrkja har no protestert på kommentarane til Smith. Michael Otterson seier at synspunkta til Smith er ufornuftige, ukristelege og at dei bryt med amerikanske ideal, skriv Christian Post.

– Eg strevar med den logikken at det å vere mormonar diskvaliserer ein person frå eit høgt offentleg verv, skriv Otterson.

Han viser til at senator Orrin Hatch har tent landet og veljarane sine i 34 år, og til at senator Harry Reid er majoritetsleiar i Senatet.

Otterson meiner argumentasjonen til Smith er urovekkjande og at Smith hentar fram at gamle stereotypiar og spreier ugrunna frykt.

Den politiske kommentatoren Pat Buchanan seier til Mediamatters for America at dersom det neste år blir eit presidentval mellom «mormonaren Romney og Barack Hussein Obama, som er ein afrikansk amerikanar på venstresida», vil også evangelikale og fundamentalistiske kristne i bibelbeltet i sør gå for Romney.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter