Nyheter

Katolske kostskular skal ha kastrert sexmisbrukte born

Katolske kostskular i Nederland skal ha kastrert minst ti tenåringsgutar på 1950-talet.

Kastreringa var truleg straff for at gutane melde prestar for seksuelle overgrep, skriv den britiske avisa The Telegraph.

Det skal dreie seg om minst ti gutar under 21 år, som i løpet av 1950-åra vart sendt på eit katolsk, psykiatrisk sjukehus, og der fekk avskåre testiklane sine. Ifølgje sjukehusa skjedde kastreringane friviljug, og var ein kur mot homoseksualitet.

Journalistisk graving. Den nederlandske journalisten Joep Dohmen i avisa NRC Handelsblad har greve fram prov på at kostskulane straffa gutar som melde frå om seksuelle overgrep. Han meiner at det dreier seg om langt fleire enn ti tilfeller.

– Det vil kome mange fleire saker, men spørsmålet er om gutane, som no er eldre menn, vil fortelje historiene sine, seier Dohmen til The Telegraph.

Den einaste som har stått fram med namn, er avdøde Henk Heithuis, som omkom i ei trafikkulukke i 1958. Same år som kastreringa vart utført, hadde Heithuis meldt to prestar til politiet for seksuelle overgrep mot han. Begge vart dømde, og som straff vart Heithuis sendt på eit katolsk, psykiatrisk sjukehus kor han fekk skåre av testiklane.

Den nederlandske kunstnaren Cornelius Rogge, ein nær ven av Heithuis, såg skamferinga med eigne auge.

– Vi spurte Henk om han ville ta av seg buksene ein gong det ikkje var kvinner til stades. Han var fullstendig lemlesta. Vi fekk eit kjempesjokk, fortel Rogge.

Statsministeren innblanda. Referat frå møter på kostskulane viser at statlege inspektørar var til stades mens steriliseringane vart diskuterte. Den tidlegare statsministeren i Nederland frå 1963 til 1965, Vic Marijnen, er også involvert i saka. Marijnen var formann for barneheimen Gelderland i 1965, og skal fleire gonger forsøkt å hindre fengselsstraffer mot prestar som var dømde for barnemisbruk.

Kastreringane er ikkje med i ein rapport som den parlamentariske granskingskommisjonen la fram i desember i fjor. Rapporten skulle avdekke omfanget av seksuelt misbruk på katolske skular og barneheimar sidan 1945, men fanga ikkje opp steriliseringane. Dette har fått fleire parlamentsmedlemmer til å krevje ei ny gransking.

Rapporten avdekka at kvart femte nederlandske barn som har opphelde seg på kostskule eller barneheim i delar av oppveksten, har blitt utsett for seksuelle overgrep.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter