Nyheter

Jødisk terrorist avviser domstolen

Og vil ikkje samarbeide med advokaten.

Yaakov Teitel (38) som har tilstått mellom anna ei bombe som heldt på å ta livet av ein messiansk jødisk ungdom, nektar å godkjenne domstolen som skal dømme han.

Høyring. Måndag var det høyring i saka mot Teitel i distriktsdomstolen I Jerusalem. Familien til Ami Ortiz som nær mista livet av ei bombe Teitel plasserte utanfor husveret deira i mars 2008, fekk ikkje vite om høyringa. Dei var informerte om eit møte i retten torsdag 2. desember. Dette rettsmøtet blir det no ikkje noko av.

Teitel har nekta å samarbeide med advokaten sin, og han nektar å anerkjenne at domstolen har rett til å felle dom i saka hans. Teitel har, som Vårt Land skreiv i papirutgåva måndag, sagt at han handla på oppdrag frå Gud då han plasserte bomba utanfor heimen til familien Ortiz og mellom anna drap to palestinarar i 1997.

Retten utnemnde måndag to nye advokatar til Ortiz . Desse skal svare på tiltalepunkta mot Teitel i januar, melder den israelske avisa Haaretz.

LES OGSÅ: Bosetter tilstår bombe mot pastorsønn

Tilreknelig. To rettspykiaterar har kome til kvar sin konklusjon om Teitel var tilrekneleg og kan stillast for retten. Den siste rapporten kom i august og slo fast at Teitel er tilrekneleg og må svare for seg i retten for tiltalepunkt som i alt strekkjer seg over 12 år.

I 1997 kom Teitel som då budde i USA, til Israel under påskot av at han skulle sjekke om han skulle busetje seg. Han smugla med seg eit våpen og skaut ein palestinsk drosjesjåfør i Jerusalem før han nokre månader seinare drap ein gjetar. Han drog så tilbake til USA.

I år 2000 flytte Teitel til Israel. Han er tiltalt for fleire åtak på palestinarar, på ein liberal israelsk professor, på homovenlege politifolk og den messianske jøden Ami Ortiz i busetnaden Ariel på Vestbreidda i mars 2008. Teitel ville ta livet av faren til Ami, David Ortiz, som leier ein frimodig messiansk kyrkjelyd i Ariel saman med kona Leah. Men foreldra var borte den dagen Teitel slo til, og Ami – som då var 15 – hadde forsove seg og var den som opna det som såg ut som ei pakke til den jødiske festdagen purim. Han overlevde. Det same har dei andre offera gjort i den angrepsrekkja Teitel starta etter at han flytte til Israel og busette seg i ein busetnad på Vestbreidda.

Overlevde. Som ved eit under overlevde altså Ami Ortiz då bomba eksploderte i hendene hans. Haner i dag ein dugande basketballspelar, jamvel om legane trudde han aldri ville gå igjen.

Teitel blei arrestert først 7. oktober i fjor, halvtanna år etter bombeangrepet i Ariel. I retten måndag kom det fram at eit år før den tid var Shin Bet, den israelske etterretningstenesta, og FBI frå USA i tett kontakt i etterforskinga av ein bombemann som hadde retta åtak mot homofile, messianske jødar, folk på venstresida og palestinarar. Haaretz har funne ut at FBI og Shin Bet byrja samarbeidet i oktober 2008.

Ein Shin Bet-offiser, med kodenamnet Ariel, kontakta då FBI med bøn om hjelp i etterforskinga. Faktum er at det var David Ortiz , som saman med kona sjølve kom frå USA, som først hadde kopla inn FBI gjennom ein kontakt. FBI var altså i full gang med undersøkingar før Shin Bet formelt bad om hjelp for å kartleggje ein amerikansk innvandrar som ville bruke vald for å ramme motstandarar.

Shin Bet og FBI bygde saman opp ein profil. Ein av konklusjonane var ifølgje Haaretz at det måtte vere ein amerikanar som stod bak. I mai 2009 kom FBI-agentar til Israel, og Shin Bet byrja bli sikre på at det var Teitel som var mannen.

Teitel hadde eit rulleblad frå USA. Han kasta huseigaren ut av eit husvere Teitel leigde, skadde hunden til huseigaren og hadde med seg eit uregistrert våpen i tilfelle det vart bråk med politiet. No ventar Teitel på den vidare gangen i rettssaka i Israel.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter