Nyheter

Islamistar protesterte mot kristne i Kairo

Krev lauslating av to kvinner.

Kring 2.000 ytterleggåande islamistar demonstrerte fredag framfor hovudkvarteret til den koptisk ortodokse kyrkja i Kairo.

Dei kravde lauslating av to kvinner som dei hevdar vert haldne innesperra etter at dei skal ha konvertert til islam.

Demonstrantane høyrer til den puritanske Salafi-sekta. Dei marsjerte til St. Markus-katedralen frå ein moské etter fredagsbøna for å krevje at Wafa Constantine og Camellia Shehata vert «sette fri» - dette er konene til to prestar.

Kyrkja nektar på si side for at dei to har konvertert til islam. Islamistgruppa har regelmessig hatt demonstrasjonar i denne saka siste året. Men telegrambyrået AFP melder at dei denne gongen har klart fleire enn dei har vore før.

AFP skriv at saka med dei to kvinnene vart brukte som påskot av ei al-Qaida-gruppe i Irak som massakrerte kristne i Bagdad i november i fjor. To månader seinare kom så massakren i Alexandria i nyttårshelga.

Koptarane utgjer omlag 10 prosent av dei 80 millionane i landet.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter