Nyheter

India: Gratis bil for sterilisering

Indisk delstat går drastisk til verks for å dempe veksten i folketalet.

Helsepolitikarar i den indiske delstaten Rajasthan har lansert ein kampanje for å få ned den sterke folkeveksten, skriv BBC.

Dei oppmuntrar menn og kvinner til firvillig sterilisering. I byte tilbyr dei ein gratis bil og andre gevinstar.

Ei av gåvene er den indisk-bygde bilen Tata Nano, den billegaste bilen i verda. Mange i den indiske regjeringa er redd for den sterke veksten i folketalet som kan passere Kina som 20 år.

Sitaram Sharma i Jhunjunu vest i India seier at dei håpar at ein gratis bil freiste i alle fall 20.000 menn og kvinner til å gjennomføre sterilisering.

Han tilbyr også motorsyklar og fjernsyn.

Kampen mot folkeveksten i India har også ei rad andre trekk. Ultralyd som viser kjønnet til barnet blir mange stader brukt for å abortere jentefoster, sjølv om det er i strid med lova. Mange stader i India blir det etterkvart eit sterkt overskot av unge menn som ikkje vil vere i stand til å skaffe seg ei kone.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter