Nyheter

Haiti-misjonærar: - Gud hjalp oss og fekk oss heim

Åtte tiltalte for barnebortføring etter jordskjelv «glad for å vere heime».

- Vi er svært overvelda. Men vi har merka alle bønene, sa Carla Thompson då ho i går kom heim til Borise i Idaho.

Ho er ein av dei ti misjonærane som var tiltalte for bortføring av 33 barn. Ho og sju andre vart sette fri av ein dommar i Port-au-Prince i Haiti fordi foreldra til barna hadde stadfesta at dei hadde gitt barna over til misjonærane for å gje barna eit betre liv i Den dominikanske republikken.

Misjonærane vart stogga på grensa og tiltalte for barnebortføring.

Torsdag kom åtte av dei ti altså heim.

- Vår Gud er ein mektig Gud, og han var med oss kvart einaste sekund vi var der, sa Thompson til CNN. - Han førte oss heim. Og eg vil de skal halde fram med å be for Charisa (Coulter) og Laura (Silsby) fordi Gud vil også føre dei heim, sa Thompson.

Ho refererte til dei to misjonærane som ikkje vart sette fri fordi dommaren vil ha nye avhøyr av dei. Ikkje minst vil styresmaktene vite kvifor dei to var i Haiti i desember, før jordskjelvet.

Advokaten til dei to opplyste til CNN at planlagde avhøyr torsdag ikkje vart gjennomførte fordi rettstolken vart sjuk.

Laura Silsby seier til CNN at det ikkje er sant at ho misleidde dei åtte andre misjonærane i gruppa. Og om kvifor ho drog til barneheimen i Port-au-Prince i desember, sa ho at det var for å gje mat og klede og leiker til barna.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter