Religion

Gud til Hawking: Du fattar ikkje kven eg er

Stephen Hawking får svar etter at han hevda at Gud var heilt unødvendig då universet blei til.

Professor Stephen Hawking hevdar i ei ny bok som kjem neste veke at Gud ikkje skapte universet, at universet blei til av fysiske lover. Slik vart noko skapt av ingenting, hevdar Hawking.

No får Hawking svar frå ei rad hald. I The Huffington Post noterer redaktør Clay Farris Naff i tittelen: «Stephen Hawking til Gud: Dine tenester er ikkje lenger nødvendige. Gud til Hawking: Så du fattar ikkje kven eg er.» Han påviser at det Hawking hevdar ikkje er nytt, ikkje eingong frå Hawking sjølv sidan han hevda dette første gong alt i 1988.

Frå ingenting. I den engelske avisa The Daily Telegraph skriv Graham Farmelo at vi kan spørje: Kvar kom så dei fysiske lovene frå? Farmelo har sjølv skrive biografi nover ein kjent amerikansk teoretisk fysikar.

Farmelo meiner at vitskapsfolk og truande burde halde seg unna kvarandres felt. men han legg til at dette er naivt, sidan mange likar samrøret av tru og vitskap. «Det synest å vere ein fundamental PR-lov at debatten om Gud og vitskap er ei sikker kjelde til publisitet. Det er alltid velkome når ein har ei bok å selje.»

Også forfattaren og bloggaren Bjørn Are Davidsen meiner at dette er eit PR-stunt sidan påstandane frå Hawking har vore kjende i meir enn 20 år. Han viser til at påstandane frå Hawking er sterkt kritiserte også av filosofar og fysikarar opp gjennom desse åra.

Davidsen viser mellom anna til filosofen William Lane Craig og fysikaren Stephen Barr.

Hawking får også, ifølgje CNN, kritikk frå kollegaer ved Universitetet i Cambrigde: – Den «gud» Hawking prøver å fjerne, er ikkje Den Abrahams skapar-Gud som er den ytterste forklaringa på kvifor det er noko og ikkje ingenting, seier Denis Alexander. Han er sjef for The Faraday Institute for Science and Religion ved Universietet i Cambrigde.

Samstemt. Britiske religiøse leiarar var samstemte då dei gjekk ut mot Stephen Hawkings bok der han konkluderer med at Gud ikkje skapte universet.

Erkebiskop Rowan Williams seier, ifølgje avisa The Times, at trua på Gud ikkje handlar om å fylle eit gap i å forklaringa av korleis ein ting forheld seg til ein annan innan universet. Det er ei tru på at det er ei levande, intelligent kraft som all aktivitet kviler på for sin eksistens, sa Williams og la til:

Ikkje løyse. – Fysikk vil ikkje i seg sjølv løyse spørsmålet om kvifor det er noko og ikkje ingenting.

Også andre kyrkjeleiarar gjekk ut mot Hawking saman med jødiske og muslimske leiarar. Sjefrabbinar Lord Sacks seier at vitskap handlar om forklaring og religion om tolking. – Bibelen er ikkje interessert i korleis universet vart til, seier Sacks, ifølgje mailonline.

Svaret frå leiarane kom etter at Hawking hevda at «Universet vart ikkje skapt av Gud.» Han hevdar det i ei ny bok som kjem neste veke.

Professoren trur at dei fysiske lovene i staden låg bak Big Bang.

Gravitasjon. Boka har tittelen The Grand Design. Eit utdrag er trykt i den engelske avisa The Times i dag.

– Fordi det er ei lov som gravitasjonslova, universet kan og vil skape seg sjølv av ingenting, hevdar Hawking.

– Spontan skaping er grunnen til at det er noko og ikkje ingenting, det er grunnen til at universet eksisterer, hevdar Hawking.

– Det er ikkje nødvendig å finne opp Gud for å setje universet i gang, hevdar professoren.

Kaos. Boka er skriven saman med den amerikanske fysikaren Leonard Mlodinow og vert publisert neste torsdag. Boka skal ifølgje utdraget og avisomtalar utfordre Isac Newtons tru på at universet må ha blitt designa av Gud og at det ikkje kunne oppstå av kaos.

Hawking er ein britisk teoretisk fysikar og kosmolog. Han har ei 40 år lang vitskapleg karriere.

I juni i år fortalde Hawking til TV-kanalen Channel 4 at han ikkje trudde at ein «personleg» Gud eksisterer. «Spørsmålet er: Er måten universet vart til valt av Gud av årsaker vi ikkje forstår, eller vart det til ut frå naturvitskaplege lover? Eg trur på det siste. Om du vil, kan du kalle dei naturvitskaplege lovene for ‘Gud’, men det ville ikkje vere ein personleg Gud som du kan møte og stille spørsmål til.»

Hawking vart pensjonist i fjor, men fram til då hadde han det same professoratet som Isac Newton hadde ved University of Cambridge i England.

Ikkje nytt. Bjørn Are Davidsen skriv på sin blogg Dekodet at han håpar det er forleggaren til Hawking som har vore ute.

«Ettersom Hawkins sa omtrent det samme i sin forrige bok, er det noe uventet å høre at han ikke sa omtrent det samme i sin forrige bok. Da jeg skrev kronikk om den i Dagbladet på 80-tallet var mitt poeng forøvrig at Hawkings tanke om at en endelig helhetsteori ville gjøre Gud unødvendig, forutsatte at Gud var plassert som en del av naturen, som en fysisk forklaring», skriv Davidsen og legg til:

«Ja, Gud er unødvendig i fysiske formler, siden Gud ikke er en del av fysikken. Det sier imidlertid null om Guds eksistens. Det kan nok forklare hvorfor det ikke er veldig enkelt å finne dette i noe gudsargument i filosofien, verken før eller nå.»

«Fra ingenting». Han legg til:

«Med forbehold om hva han faktisk sier og hvordan han argumenterer i boka (den ble bestilt for noen uker siden, men hvis den ikke oppstår spontant på nattbordet, kommer den altså først etter 9. september) synliggjør ikke Hawking – eller hans forlegger – veldig stor kjennskap til normale gudsargumenter. 

Å hevde at noe kan oppstå fra ingenting (= ikke en gang et kvantevakuum) uten grunn er i tillegg å plassere seg utenfor både intuisjon, logikk og naturvitenskap. Spontan skapelse fra ingenting av ingenting er ingenting som kan testes i laboratoriet eller settes på formel.

At Hawking ikke snakker om ingenting er uansett tydelig. Hvis det er slik at betingelsen for at universet skal kunne skape seg selv fra 'ingenting' er tyngdekraften, må minimum tyngdekraften eksistere. Og da har man altså tjuvstartet», skriv Davidsen.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Religion