Nyheter

‘Gud er den endelege 
dommar. Eg er klar, betjent’

Ingen stat i USA avrettar så mange som Texas. Staten samlar også inn dei dødsdømdes siste ord. Fleire angrar. Nokre forsvarar seg. Mange lit på Gud.

Ray Jasper skal etter planen bli avretta i morgon. Mannen, som blei drapsmann tre månader 
etter at han fylte 18 år i 1998, vil dermed bli den 511. som Texas avrettar sidan dødsstraff igjen blei lovleg i 1976.

Som alle andre vil også Jasper få tilbod om å seie noko før han blir belta fast i dødskammeret for å få ein dødeleg dose med legemiddel sprøyte inn i 
kroppen. Mannen og kvinna som blei avretta i januar 
takka nei. Dei gjekk stumme inn i sprøyterommet.

Jerry Martin hadde mykje på hjarta i Huntsville fengsel 
3. desember i fjor. Han hadde drepe ein fengselsbetjent under eit fluktforsøk i 2007. Han ba familien til den drepne om 
orsaking, han hadde ikkje meint å drepe, det var ei ulukke, men han tok ansvaret.

I Texas kan familien, nære 
vener til den dødsdømde og pårørande til offera møte opp den dagen dødsdommen blir utført:

«Til familien min; vi har snakka saman og de veit at eg har fått fred. Gud er den endelege dommar. Han veit kva som skjedde. Vi har snakka saman tidlegare. Eg elskar dykk alle. Eg er klar, betjent.»

Sa Jerry Martin. Og møtte døden.

Blir offentleg. Fengselsvesenet i Texas samlar inn dei siste orda til alle som blir avretta og legg dei ut på heimesida. Her kan folk sjå kven som angrar, kven som hevdar uskuld på dør- stokken til døden og kven som utan eit ord tek straffa dei er dømt til.

Då drapsmannen Arturo Diaz tok avskil i september i fjor, helsa han både til familien – og til 
faren til mannen han stakk til døde:

«Eg vonar dette kan gje deg og familien litt lindring.»

Bestemora og mora fekk 
denne helsinga på spansk:

«Ha von for meg. Eg er med Gud. Mor, ta vare på dotter mi. Mange kyss, mor.»

Medan fleire har skrive ned lange tekstar dei framfører, 
nøyer andre seg med få ord. Som John Quintanilla, innbrots-
tjuven som blei mordar. Han hadde ei kort helsing til kona i fjor sommar:

«Eg vil gjerne sei til kona mi at eg elskar henne, og takkar henne for alle lukkelege år. Det var alt, betjent.»

«Ny» dom. Douglas Feldman såg litt annleis på eiga sak enn det domstolen hadde gjort. Kort tid før han blei avretta for dobbeltdrap, leverte han ein alternativ dom:

«Eg erklærer med dette 
Robert Steven Everett og Nicholas Velasquez skuldige i brotsverk mot meg, Douglas Alan Feldman. Eg dømmer dei begge til døden, som eg 
gjennomførte i august 1998. 
Sidan den dagen har staten Texas halde meg i eit ulovleg fangenskap i 15 år. Eg protesterer med dette mot den komande avretting, og krev å bli sett fri straks.

Med Jesus. Fleire av dei dødsdømde brukar den aller siste tida dei er i live til å fortelje at dei er sterke i trua:

«De veit kvar eg skal. Eg reiser heim for å vere saman med Jesus», sa Kimberly McCarthy i fjor og helsa til fengselspresten, advokaten og mannen.

«Set meg fri, betjent. Herre, ta i mot meg», sa Robert Morrow i 2004.

«Eg skal møte Herren. Herren er min hyrde. La alle få vete at eg elskar dei, og at dette ikkje er ein avskil. Eg vil sjå dykk seinare», sa Keith Clay i 2003. Han var den 300. som Texas avretta.

Ein vits. Patrick Knight ønskte å vere morosam på tampen av livet. Difor ba han folk sende vitsar til fengselet, slik at han kunne fortelje dei før avrettinga i 2007:

«Eg sa eg skulle fortelje ein vits. Døden har sett meg fri. Det er den største vitsen. Eg fortener dette. Den andre vitsen er at eg ikkje er Patrick Bryan Knight, så de kan stoppe denne avrettinga no. Kjør på, eg er ferdig.»

Snart spør betjenten i Huntsville fengsel kva Ray Jasper har å seie heilt til slutt.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter