Nyheter

Grekarar jobbar mest i Europa

... men er ikkje spesielt produktive, ifølgje tal frå OECD.

Etter at gjeldskrisa råka Hellas, har grekarane måtte tole skuldingar om at dei er late, har for låg pensjonsalder og har levd over evne. No viser tal frå Organisasjonen for økonomisk samarbeid og utvikling (OECD) at grekarane jobbar flest timar av alle europeiske land.

600 fleire timar. Medan ein gjennomsnittleg gresk arbeidar jobbar 2.017 timar i året, jobbar ein norsk arbeidar 1.413 timar per år i gjennomsnitt. I Europa er det berre tyskarar (1.408 timar) og nederlendarar (1.377 timar) som har kortare arbeidsdag enn nordmenn. Arbeidarar i Hellas, Ungarn og Polen toppar statistikken, med flest arbeidstimar i løpet av eit år.

Mange bønder. Pascal Marianna, arbeidsmarknadsstatistikar hjå OECD, har to forklaringar på dei store skilnadane.

– Den greske arbeidsmarknaden består av mange sjølvstendig næringsdrivande, som bønder og butikkeigarar, og desse har lange arbeidsdagar, seier han til BBC.

Ifølgje Marianna har sjølvstendig næringsdrivande ein generell tendens til å jobbe meir enn arbeidarar med kontraktar som spesifiserer arbeidstida.

Jobbar meir deltid. Den andre forklaringa ligg i talet deltidsarbeidarar, og Marianna brukar Tyskland som døme.

– Der jobbar kring éin av fire deltid. Desse dreg ned gjennomsnittet for alle arbeidarane. I Hellas derimot, er det svært få som jobbar deltid, påpeikar han.

Om ein fjernar deltidstilsette og sjølvstendig næringsdrivande, jobbar grekarane framleis ti prosent fleire timar enn tyskarane. Årsaka er at sistnemnde har meir ferie, melder seg oftare sjuk og har lengre fødselspermisjon.

Mindre produktive. Tala vert snudd på hovudet når vi kikar på oversikten over kva land som har dei mest effektive arbeidarane, ved å dele Bruttonasjonalprodukt (BNP) på talet arbeidarar. Medan Noreg er det nest mest produktive landet i Europa, berre slått av Luxembourg, ligg Hellas heilt nede på 24. plass. Polen, Ungarn og Tyrkia er minst produktive. Tyskland ligg på sjuandeplass.

Ifølgje Marianna ligg mykje av forklaringa at teknologi som effektiviserar arbeidet er meir utbreidd i land som Noreg og Tyskland enn Polen og Hellas.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter