Nyheter

Gjenopna katedral i Algerie

Fire års restaurering av katolsk kyrkje bygt i kolonitida.

Kyrkja Notre Dame D'Afrique, eller Vår Frue av Afrika, vart i dag måndag gjenopna i den algirske hovudstaden.

EU har delvis finansiert restaureringa av kyrkja i det muslimsk dominerte landet.

Kyrkja vart teken i bruk i 1872 etter 14 års bygging, i ny-busantinsk stil. Kyrkja er plassert på ei høgde med utsikt over Middelhavet. Den vart bygt medan Frankrike var kolonimakt i dette nord-afrikanske landet.

Kyrkja er presentert som eit symbol på toleranse mellom kristne og muslimar i Algerie. Følgjande innskripsjon på kyrkja fortel kor viktig kyrkja er: Notre Dame d'Afrique priez pour nous et pour les Musulmans (Vår Frue av Afrika, be for oss og for muslimane)».

Det finst også klare døme på at kristne har det vanskeleg i landet. 26. desember i fjor hindra mobb ein kyrkjelyd i byen Tizi-Ouzou i det vestlege Algerie å halde gudsteneste. Etterpå vart kyrkja utsett for innbrot og hærverk.

Norsk Misjon i Øst sende den gongen ut ein appell frå kristne i Algerie om forbøn for retten til framleis å kunna samlast til gudsteneste.

Det er ikkje meldingar om liknande ting knytt til Vår Frue av Afrika i hovudstaden, ei kyrkje som no altså er teken i bruk igjen etter fire års pause.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter