Nyheter

– Dødsrata er opp mot 90 prosent

Første ebolautbrot var i 1976. Sjukdomen er ekstremt dødeleg, og det finst ikkje vaksine.

Kva er ebola?

– Det er ein virussjukdom, pasienten får det ein kallar hemoragisk – eller blødande – feber.

Kvar dukka sjukdommen opp første gong?

– Første registrerte utbrot er i 1976 ved elva Ebola i Kongo.

Kvar finn ein viruset?

– Ebolaviruset er blitt isolert i flygehundar, som er store flaggermus. I dei hardast råka landa, Guinea, Liberia og Sierra Leone, blir tørka flygehundar mykje brukt som mat. Smitte til menneske er også rapportert etter kontakt med døde gorillaer, sjimpansar, apar, skogsantilope og piggsvin.

Sidan første utbrot, kvar han ein registrert ebola?

– I land i særleg Sentral-Afrika. Flest utbrot er rapportert frå Kongo, Kongo-Brazzaville, Uganda, Elfenbeinskysten, Sudan, Sør-Sudan og Gabon. I Guinea, Sierra Leone og Liberia var det ikkje registert ebola før ved årsskiftet.

Er det utbrot årleg?

– Med unntak av åra 1979-1994 har det vore meldt om ebola-smitta kvart år sidan 1976.

Kvar starta det som no blir karakterisert som ein ebolaepedemi i Vest-Afrika?

– Forskarar har spora utbrotet til ei to år gammal jente i landsbyen Meliandrou, sør-aust i Guinea, på grensa til Liberia og Sierra Leone. Jenta døydde av ebola 6. desember i fjor. I mars varsla lokalt sjukehus Guineas helsedepartement og Legar utan grenser. Dei melde om ebolasjuke i regionane sør-aust i Guinea.

Korleis blir folk smitta?

– I hovudsak tre måtar: Frå sjuke og døde dyr til menneske, frå person til person og frå døde menneske. Mest vanleg er smitte gjennom direkte kontakt med blod eller andre kroppsvæsker frå ein sjuk og smitta person. Fordi døde kan vere smitteførande har gravferdsritual vist seg å vere ein årsak til smitte. Menn kan også skilje ut ebolavirus i sæd. Ein er smitteberar så lenge ein skil ut virus. Ein veit ikkje om sjukdommen gjev immunitet etter vellukka behandling. Folk kan også bli smitta om ein kjem i kontakt med infisert væske på klede, sengetøy og brukte sprøyter.

Kva er symptoma?

– Høg feber, svært sløv, muskelsmerter, hodepine og sår hals, så får ein oppkast, diare, utslett, redusert lever- og nyrefunksjon og i nokre tilfelle indre og ytre blødningar, mellom anna frå munn, nase og tarm. Inkubasjonstida er frå 2 til 21 dagar.

Kva er dødsrata?

– Dødsrata er svært høg, opp mot 90 prosent.

Kven er mest utsette?

– Familiemedlemmer til smitta personar, helsearbeidarar som skal behandle sjuke og dei som har ansvaret for å gravleggje dei døde.

Når skal ein søkje medisinsk hjelp om ein fryktar å vere smitta?

– Har ein vore i område med ebolautbrot eller har vore i kontakt med ein person som er mistenkt for å vere smitta, skal ein oppsøkje lege straks. Ebolavirusinfeksjon blir diagnostisert ved hjelp av blodprøve.

Kva er behandlinga?

– Det er ingen spesiell behandling av ebolapasientar, men alle må liggje isolerte. Pasientane blir ofte dehydrerte og treng intravenøs næring og får også oksygenbehandling

Er det ein vaksine mot ebola?

– Nei. Ein vaksine er i kjømda, men det er usikkert når han er klar til bruk og kor effektiv han vil bli.

Er det trygt å reise til område der det er utbrot av ebola?

– Verdshelseorganisasjonen har reiseråd og kan ved høve be nasjonale styresmakter om å setje dei ut i livet. Faren for at reisande kan bli smitta er låg.

Kan ein reise på familiebesøk eller arbeidsreiser til Vest-Afrika?

– Faren for å bli smitta er svært låg.

Er det registrert ebola i Norge?

– Nei, men tysdag kom ein hjelparbeidar heim fra Sierra Leone, ho var smitta med Ebola.

Kjelder: WHO, FAO, FHI

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter