Nyheter

Byggjer 200 kyrkjer i Moskva

Sovjetunionen reiv hundrevis av kyrkjer i Moskva. No byggjer Russland opp att 200.

Medan den antireligiøse staten Sovjetunionen såg det som ei av sine oppgåver å rive flest mogleg kyrkjer, har den russisk-ortodokse kyrkja, med statlege styresmakter i ryggen, no bestemt at 200 nye kyrkjer skal byggjast.

Kyrkjene skal byggjast i utkanten av Moskva, og innan to år skal 61 av dei vere på plass. Ideen er at byggverka skal minne russarane om svunne tider, samstundes som at innbyggjarane i forstadane får ei kyrkje nær heimen å gå til, skriv Dagen.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter