Nyheter

Britisk statsminister slår tilbake mot arg erkebiskop

Britisk kyrkjeleiar med beinhardt oppgjer med regjeringa.

Erkebiskopen av Canterbury, Rowan Williams, har levert det hardaste kyrkjeoppgjeret med ei regjering på ein generasjon, melder avisa The Telegraph.

No slår statsminister David Cameron tilbake.

– Eg har aldri meint at kyrkjeleiarar skal halde seg unna politiske intervensjonar. Men eg er djupt usamd med erkebiskopen i mange av kommentyarane hans, seier David Cameron, ifølgje The Telegraph.

Kritikken frå erkebiskopen ramma regjeringa som er styrt av statsminister David Cameron frå det konservative partiet og visestatsminister Nick Clegg frå Libdem.

Han åtvarar mot at regjeringa har skapt frykt og sinne i folket gjennom reformer av utdanning, det nasjonale helsesystemet og trygdeordningane. Han skuldar statsminister Cameron og Clegg for å gjennomføre «ein radikal politikk som ingen har røysta for».

The Telegraph skriv at erkebiskopen open stiller spørsmål ved legitimiteten til regjeringa.

– Det er ein forståeleg nervøsitet over kva demokrati tyder i ein slik samanheng, skriv Williams.

Kommentarane hans kom i ein artikkel Williams har skrive i magasinet New Statesman. Der er han gjesteredaktør.

Han viser til at radikale endringar av skulepolitikken vart hastevedtekne i Parlamentet sist sommar, i ein fart «vanlegvis reservert for anti-terrorisme-lovgjeving», skriv erkebiskopen.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter