Nyheter

Banning eller bønn i telefonen

Tysk banne-linje til 11 kroner minuttet eller gratis norsk forbønnstelefon.

To geskjeftige tyskarar har funne ei forretningsnisje: dei tilbyr frustrerte medborgarar ei telefonlinje der dei kan banne og skjelle ut tilhøyraren. På bannelinja med namnet «schimpf-los» («bann i veg») står det rådgjevarar klare sju dagar i veka for å ta imot.

Dømmer ikke. – Vi dømmer ikkje folk som er sinte, seier Ralf Schulte, som står bak linja saman med ein kollega Alexander Brandenburger.

Schulte seier til Reuters at han gjer folk ei teneste ved å tilby ein stad frustrerte tyskarar kan blåse ut i staden for at det skal gå ut over kollegaer eller familie.

11 kroner. Det kostar 1,49 euro (rundt 11 kroner) minuttet å skjelle ut telefonoperatøren, som hjelper til med provokasjonar dersom den aggressive kunden manglar ord.

Den kristne misjonsradioen Norea Mediemisjon har latt seg inspirere av bannetelefonen. «Å holde seg i skinnet kan være lettere sagt enn gjort i noen tilfeller. Men det er kristelig oppførsel å hole temperamentet i sjakk», skriv Asbjørn Kvalbein på Noreas nettsider. Han oppfordrar heller folk til å ringje Noreas forbønstelefon.

Gratis. «Vi tar imot emner for forbønn og ber for deg og dine», skriv Kvalbein og legg til: «Heilt gratis».

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter