Nyheter

160 barn drepne i 70 skuleangrep

Barn er blitt mål i krigar. I Syria er skular utsette.

Minst 160 barn mista livet i nær 70 angrep mot skuler i krigsherja Syria i fjor, melder FNs barnefond UNICEF.

– Det er teikn på at skular blei angripne med overlegg, fortel talsmann Christophe Boulierac.

UNICEFs representant i Syria, Hanaa Singer, utdjupar:

– Angrep på skuler, lærarar og elevar er nye gruelege påminningar om den forferdelege prisen Syrias barn betalar i ei krise som nærmar seg sitt femte år, sier ho.

LES OGSÅ: Flyktet fra IS tre ganger

Dilemma frå helvete

Dagens krigar blir råare. Barn blir mål, dei skal drepast. Men får barn spesielt vern, aukar deira «militære nytteverdi»

– Dilemmaet utfordrar oss moralsk, seier menneskerettsjuristen Cecilie Hellestveit, og meiner det er «eit dilemma frå helvete».

Barn er ikkje tilfeldige offer. Barn blir stadig oftare peika ut som sjølvstendige mål i krigar, seier FN og peikar på Syria: Landet er i dag eit av verdas farlegaste for barn.

Undersøkingskommisjonen til FNs høgkommissær for menneskerettar fortel i ein fersk Syria-rapport om halshogging og skyting av gutar under 18 år, utført av den såkalla Islamsk stat (IS). Gutane blei skulda for å ha band til andre opprørsgrupper. FN-rapporten melder også at bødlane skal ha vore gutar under 18 år.

Human Rights Watch (HRW) melder at IS også torturerer barn i Syria. I fire månader i år var 153 kurdiske gutar kidnappa av IS. Etter at dei blei slepte fri har fire gutar fortalt HRW om grov tortur. Dei blei slått med elektriske kablar, og blei tvinga til å sjå videoar med halshoggingar.

Manglar vern

Cecilie Hellestveit, som er seniorrådgjevar ved International Law and Policy Institute (ILPI) i Oslo, forklarar at barn ikkje har eit særskilt vern i folkeretten – og at internasjonale konvensjonar og lover som skal verne barn blir sett til sides i krigar.

– Men kva med å gje barn eit slikt særskilt vern i internasjonal humanitær rett, altså i krigens folkerett?

– Det er naturlegvis freistande å gje barn eit slikt vern. Men, og det er det store paradokset, får barn eit slikt vern, vil berre deira «militære nytteverdi» auke kraftig, seier Hellestveit.

Krigførande partar vil utnytte ei slik statusendring til å bruke endå fleire barnesoldatar, og bruke barn som levande skjold, forklarar menneskerettsjuristen.

LES OGSÅ: Møtte syrerne Norge avviste

Blir krigsforbrytarar

I 23 væpna konfliktar verda over er barn krigsmål. I 14 land brukar sju nasjonale hærar og 50 væpna grupper barnesoldatar - dermed drep barn barn, fortel den siste rapporten frå FNs spesialrapportør om barn og væpna konfliktar, Leila Zerrougui. Ho trekkjer særleg fram Irak, Syria og Afghanistan. Her gjekk talet på drepne og lemlesta barn opp i fjor.

– Korleis kan hærar og opprørsgrupper som brukar barnesoldatar bli straffeforfølgt, Hellestveit?

– Snakkar vi om nasjonale, militære avdelingar, kan politiske og militære leiarar bli stilt for Den internasjonale straffedomstolen. Når det gjeld opprørsgrupper, er det meir vanleg å arbeide for at leiarar ikkje skal få sentrale posisjonar etter at fredsavtaler er underteikna.

Hellestveit understrekar at politiske og militære leiarar som gjer nytte av barnesoldatar, blir skuldige i eit av dei mest alvorlege brotsverka folkeretten kjenner; krigsbrotsverk.

Mykje ugjort

25 år etter at FN vedtok Barnekonvensjonen, er FNs spesialrapportør for barn og væpna konflikt svært uroleg:

– Barn blir framleis drepne, lemlesta, rekruttert og brukt av væpna styrkar og væpna grupper – og fråtekne utdanning og helsetenester, sa Leila Zerrougui då ho i haust rapporterte til FNs generalforsamling.

Følg oss på Facebook og Twitter!

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter