Nyheter

13 år i fengsel

Tyrkia låg på fengslings­toppen i to år. I fjor bura Kina inne flest journalistar. Svenske Dawit Isaak har vore fengsla i Eritrea i over 13 år.

221 journalistar sat i fengsel ved årsskiftet - det nest høgaste talet nokonsinne; i 2012 var talet 232, melder Commitee to Protect Journalists (CPJ).

SE VÅRT INTERAKTIVE VERDENSKART: Frie ytringer under press

Kina toppar

Kina toppar den lite lystelege lista med 44 journalistar bak lås og slå. CPJ seier at forklaringa er president Xi Jinpings slår hardare ned på media, akademikarar og dissidentar som utfordrar styresmaktene. Difor har det blant anna kome reglar for kva som kan bli dekt av journalistar, og kva som er forbode. Blant dei fengsla kinesiske journalistane er det mange som arbeider med ømtålige minoritetssaker.

Tyrkia låg i både i 2012 og 2013 øvst på fengslingslista til CPJ, men etter at mange blei sette fri i fjor, enda landet opp med sju fengsla ved årsskiftet.

Følg oss på Facebook og Twitter!

Siste diktatur

Eritrea, som blir kalla «Afrikas siste diktatur», fengslar også mange mediearbeidarar – med 23 kom dei i fjor på tredjeplass på CPJs oversikt. Ein av dei fengsla er ein svensk journalist. Dawit Isaak kom til Sverige 1992 og fekk svensk statsborgarskap. Då Eritrea blei sjølvstendig reiste Isaak tilbake til heimlandet og starta ei avis. I 2001 blei han arrestert for statsfiendtleg aktivitet. 13 år og 112 dagar seinare sit Isaak framleis i eit eritreisk fengsel.

LES MER: Heidra Paris-offer – kneblar eigne journalistar

2014-oversikten til CPJ viser at:

• 132 av dei 221 fengsla journalistane er skulda for anti-statleg aktivitet eller terrorisme.

• 45 er fengsla utan tiltale.

• 120 er nettjournalistar, 83 arbeider i trykte medium, 15 i radio og 14 i TV-kanalar.

• 68 er frilansarar.

• I desse landa steig talet på fengsla journalistar: Kina, Eritrea, Etiopia, Bangladesh, Thailand, Aserbajdsjan, Bahrain, Egypt, Israel og Saudi Arabia.

LES MER: 950 piskeslag gjenstår

Les mer om mer disse temaene:

Geir Ove Fonn

Geir Ove Fonn

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter