Nyheter

Vil vise fram vold mot barn på mjølkekartongar

Folk må bli utfordra til å tenkje på barns beste, meiner forskar. Er ideen god?

Verdas helseorganisasjon (WHO) har i fleire år slått fast at vold mor barn er eit folkehelseproblem.

– Når skal styresmaktene i Norge å ta dette inn over seg, spør Siri Søftestad, forskar ved avdeling for barn og unges psykiske helse ved Sørlandet sykehus.

I over 20 år har Søfteland arbeidd med barn som er utsette for vald og seksuelle overgrep. No har ho eit konkret ønskje til Solberg-regjringa.

LES MEIR: Han avslører foreldre som mishandlar eigne barn

På mjølka. – Vold mot barn er eit folkehelseproblem. Difor må det satsast på brei front for å stoppe volden. Lat meg bruke kampen mot aktiv og passiv røyking som eit døme. Ved hjelp av lovverk og haldningskampanjar har ein fått ned talet på røykjarar. Skal vi kome mishandling av barn til livs, må vi bruke dei same verkemidla som i kampen mot tobakken.

Søfteland ønskjer nasjonale kampanjar: – Vis vold mot barn fram på mjølkekartongar. Folk må bli utfordra til å tenkje på barns beste.

LES MEIR: 8http://www.vl.no/samfunn/ho-varslar-barnevernet-om-foreldre-som-mishandlar-1.83793 Ho varslar barnevernet om foreldre som mishandlar]

Vil betre utdanninga. – Bergensforskarane Anders Dovran og Dagfinn Winje seier dei mange offentlege «vesna» ikkje kan nok om vold mot barn – kva seier du?

– Dei har heilt rett. Sosionomar, barnevernspedagogar, sjukepleiarar, legar, psykologar, fengselstilsette må alle få betre utdanning i å fange opp dei som er blitt mishandla som barn.

Søfteland trur alt frå statsrådar til fagfolk til kvarmann vegrar seg mot å tenkje på at ei stor gruppe barn blir mishandla jamleg i Norge.

– Dette høver ikkje inn i bilete av Norge, verdas rikaste land, heimlandet til Fredsprisen, landet som vil gjere så mykje godt for fattige i andre land. Vi vil ikkje sjå dei mishandla barna i Norge.

– Puslete fra regjeringar. – Norge har fått ny regjering, som også vil ta opp kampen mot vold mot barn – kva forventingar har du til Solberg-regjeringa?

– Eg sett ulike regjeringar snakke om kor viktig dette området er. Eg har sett ulike regjeringar presentere nye handlingsplanar. Felles for dei alle er at innsatsen er puslete, for ansvaret for å verkeleg å gjennomføre planane smuldrar opp.

– God idé. Margunn Ebbesen (H) i Stortingets justiskomité meiner staten bør kjøre kampanjar og bruke sterke verkemiddel for å vekkje folk til å stå opp mot vold mot barn. Forskar Siri Søfteland lanserte i Vårt Land ideen om å bruke mjølkekartongane til å spreie bodskapen om at mange barn opplever at foreldre mishandlar.

– God ide, seier stortingsrepresentant Ebbesen.

Lene Vågslid (Ap) sit i også i justiskomiteen. Ho er ikkje fullt ut samd med kollega Ebbesen.

– Sjølv om eg er usikker på vi skal ha bilete av mishandla barn på mjølkekartongen, må vi synleggjere problemstillinga meir. Dette er grov kriminalitet mot våre aller minste.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter