Oddbjørn Sørmoen arbeider mykje med forvaltninga av kyrkjebygga til Den norske kyrkja. Som fagdirektør i KA – Arbeidsgiverorganisasjon for kirkelige virksomheter ser utviklingstrekk i det norske samfunnet som vil påverke kyrkjestrukturen i framtida:
– For det første flyttar folk oftare frå distrikta og inn til byar og tettstadar. Tilbake står mange kyrkjer som dermed blir mindre brukt. For det andre endrar gudsdyrkinga seg. Generelt går færre på gudsteneste sundag føremiddag. Vi ser også at demografiske endringar i einskilde bydelar gjer at tradisjonelle, lutherske kyrkjegjengarar blir færre, og at kyrkja som dermed blir teken ut av bruk, blir leigd ut til andre kyrkjesamfunn som fyller kyrkja.
Førebels er det vanskeleg å få omdisponert kyrkjer til anna bruk enn gudshus.
Oddbjørn Sørmoen, fagdirektør i KA
Manglar kyrkjelyd
KA og Sørmoen følgjer også nøye med på vedlikehaldet av dei 1.630 kyrkjene; dei leverer ein omfattande tilstandsrapport kvart fjerde år.
– Men eg vil åtvare mot å kople vedlikehald til debatten om kva kyrkjer som kan takast ut av bruk. I dag har vi dårleg vedlikehaldne kyrkjer som har svært aktive og levande kyrkjelydar, og vi har flotte og godt vedlikehaldne kyrkjer som manglar det same, seier Sørmoen.
– Vil Norge oppleve det same som andre europeiske land; kyrkjer blir lagt ned, for så å bli leigde ut eller selt og så brukt til heilt andre formål?
– Over tid vil nok dette kunne skje. Men førebels er det vanskeleg å få omdisponert kyrkjer til anna bruk enn gudshus, seier Sørmoen og viser til kyrkjelova.
Stortinget har nemleg vedteke at «Kirker kan ikke avhendes, pantsettes eller påheftes bruksretter. Departementet kan likevel samtykke i salg når særlige grunner tilsier det».
LES MER: Fire av ti nordmenn mener kirkebygg kan bli pub
Endre lova
Direktør Jens-Petter Johnsen i Kyrkjerådet er klar på at Den norske kyrkja arbeider for at ein også skal få overført makt og mynde over kyrkjene frå departement til Kyrkjerådet og Kyrkjemøtet.
– Kyrkjelova skal reviderast, men det blir ikkje før i 2018.
Johnsen trur ikkje mange kyrkjer kjem til å bli tekne ut av bruk og omdisponert til andre formål. Han spår at i nokre få tilfelle kan ein kome til å oppleve at svært lite brukte kyrkjer heller blir avvigsla og rive ned.
LES MER: Sterk motstand i to partier
Kyrkja står
Astrid Holmsen Krogh er leiar av Norges kirkevergelag. Kyrkjeverjene er daglege leiarar i fellesråda, som forvaltar Den norske kyrkjas bygg.
– Vil Den norske kyrkja få færre kyrkjer i åra som kjem?
– Kyrkja er alltid i utvikling. Vi vil oppleve at fleire av Den norske kyrkas kyrkjer blir leigde ut til andre kyrkjesamfunn, som fyller kyrkjene, seier Krogh, som til dagleg er kyrkjeverje i Ås.
Ho minner om at Den norske kyrkja skal vere landsdekkjande, alle skal ha eit kyrkjetilbod.
– Vi ser at den lokale kyrkja betyr mykje for mange. Kyrkja representerer det konstante, i ei tid då mykje anna forsvinn.