Det opplyser generalsekretær Samuel Kobia til Vårt Land. Han har leia ein delegasjon som har reist rundt i Israel og dei palestinske områda.
– Vi vil ikkje boikotte Israel som land. Men okkupasjonen av Vestbreidda er illegal. Då er også dei varene Israel produserer der, illegalt framstilte, seier Kobia til Vårt Land.

Den presbyterianske kyrkja i USA har vedteke som aksjeeigar å leggje presse på selskapet Caterpillar som har levert bulldosarar som Israel brukar på Vestbreidda.– Det er aktuelt å bruke aksjemakta i slike selskap, slik det vart gjort i Sør-Afrika, seier Kobia. Han meiner KV må plukke ut eit avgrensa tal selskap som vert sett under press og nemner også Motorola som ein kandidat.

– Mange aksjeeigarar veit ikkje at pengane deira går til å styrkje okkupasjonen. Aksjeeigarane har sitt ansvar, vår rolle er å informere, seier Kobia.

Les mer i papirutgaven.