Saudi Arabia planlegg å lage reglar for ekteskap for unge jenter. Eit ekteskap mellom ein mann på 60 og ei jente på åtte har skapt uro.

Ein domstol i byen Unaiza godtok ekteskapet på vilkår av at brudgommen ikkje har sex med jenta før ho når puberteten, skriv BBC.

Justisminister Muhammed Issa seier at departementet vil få ein stopp på den «vilkårlege» måten som foreldre og verger kan gifte bort unge jenter. Men han ville ikkje føreslå at praksisen skulle verta forboden.

Menneskerettsgrupper er sterkt mot at ungjenter vert gifte bort, og dei seier at det er fattigdom som driv dette fram.

Saka med åtteåringen som vart gift med ein 60-åring, vart prøvd for retten av mora til jenta. Ho ville ha ekteskapet annulert. Dommaren sa at han hadde freista overtyde brudgommen om å godta skilsmisse, men at denne hadde nekta.

Jenta bur framleis hos familien og vil neppe flytte saman med ektemannen før ho vert eldre. Dommaren sa at jenta kan be om skilsmisse når ho kjem i puberteten.