Nyheter

– Vi har 866 ateistar i Egypt

Egyptiske myndigheiter meiner å vite det eksakte talet på ikkje-truande i fleire arabiske land. I Jemen er til dømes talet 32.

Tysdag skreiv Vårt Land om forfølging av ikkje-truande, som ifølgje ein rapport frå Det internasjonale humanistforbundet har auka den siste tida.

– Vi ser ei negativ utvikling mellom anna i Malaysia, Indonesia og Egypt, sa styreleiar i Human-Etisk Forbund (HEF), Tom Hedalen.

No har leiande prestar i den egyptiske regjeringa tatt på seg å talfeste kor mange ateistar som bur i landet. Det skriv den britiske avisa The Guardian.

LES OGSÅ: Verre kår for ikke-troende

Konkrete tal

Og svaret? Det er 866 ateistar i Egypt. Det tilsvarer omtrent 0,001 prosent av befolkninga. Det hevdar Dar al-Ifta, ei avdeling i den egyptiske regjeringa som tek seg av religiøse kunngjeringar, som baserer seg på tal frå ei regional meiningsmåling. Om talet stemmer, så er Egypt landet med flest ateistar i den arabiske verda. Vidare viser undersøkinga at det i Morokko er 325 ateistar, medan Jemen, eit land med 24 millionar innbyggjarar, berre har 32.

«MIN TRO» MED MARTE MICHELET: Åpenbaringen

– Fornektar verkelegheita

Undersøkinga har vore god underhaldning for Egypts ateistar og sekulære, ifølgje The Guardian. Dei ikkje-truande meiner heller at ateismen er i vekst i landet.

– Styresmaktene fornektar verkelegheita, seier Rabab Kamal, ein talsperson for lobbygruppa Sekularistane, til den britiske avisa.

– Eg kunne talt fleire ateistar ved al-Azhar-universitetet åleine, fortel ho.

Al-Azhar er eit islamsk universitet, der studentane studerer Koranen og islamsk lov.

– Ein kan ikkje lage studier om kor mange ateistar og agnostikarar som er i Egypt. Vi bur i eit land der det å snakke om andre ideologiar enn islam er eit stigma, seier Kamal.

LES OGSÅ: Religiøs forfølgelse på frammarsj (med grafikk)

«Komisk» definisjon

Sekularistane påpeikar også at definisjonen på ikkje-truande som styresmaktene opererer med, er komisk. Ifølgje Dar al-Ifta omfattar ikkje-truande ikkje berre ateistar, men også dei som trur på ein sekulær stat, og muslimar som konverterar til andre religionar. Medlemma i Dar al-Ifta meiner talet på ikkje-truande i Egypt er ei farleg utvikling som burde få «alarmklokker til å ringe». Det kan verke overraskande, sidan den sittande regjeringa fjerna Det muslimske brorskapet frå makta i fjor. Mange såg det som eit teikn på at Egypt gjekk mot ein meir sekulær stat.

– Egyptiske leiarar har ein tendens til å vere konservative, for å halde på den kulturelle ordenen, seier leiar for gruppa Sekularistane, Ahmed Samer, til The Guardian.

– Så kva som helst slags endring vil bekymre dei, uansett om det gjeld ateisme eller fundamentalisme.

Følg oss på Facebook og Twitter!

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter