Nyheter

USA vervar krigspilotar på guterom

Den islamske staten skal knusast. Frå ein kontainer i den amerikanske ørkenen.

Vinnaren av Nobels fredspris i 2009 har gjeve grønt lys til generalane. Den såkalla Islamske staten (IS) i Irak og Syria skal slettast frå kartet:

– Eg har gjort det klart at vi vil slå ned på terroristar som truar landet vårt, uansett kvar dei oppheld seg, sa USAs president Barack Obama i talen til nasjonen onsdag.

USAs øvstkommanderande varslar at den ytterleggåande gruppa Isis skal forfølgjast i både Syria og Irak:

– Det betyr at eg ikkje vil nøle med å setje i verk tiltak mot Isis i Syria samt Irak. Dette er eit kjerneprinsipp i mitt presidentskapet; dersom du trugar Amerika, finn du inga trygg hamn.

Likvidasjon i Somalia

I åra som statssjef har Obama vist vilje til å trappe opp bruken av særleg eit våpen: Dronar.

Presidenten brukar førarlause fly på fleire frontar. Styrt frå flybasar i aude område i USA droppar dronane til luftforsvaret dødeleg last over Irak og Afghanistan. Etterretningsorganisasjonen CIA brukar også dronar, men deira operasjonar ligg i skuggen. Til sist har forsvarets spesialoperasjonskommando (JSOC) eigne dronar.

New York Times skriv at amerikanske dronar jaktar terrorleiarar i Jemen, Somalia og Pakistan. Lista over kven som skal drepast blir signert av presidenten sjølv. Seinast sist veke sveva dronar over Somalia. Ahmed Godane, leiar i islamistgruppa Al-Shabaab, blei likvidert.

Tause politikarar

Snart får Norges 169 folkevalde betre kunnskap om denne sida av Obamas dronekrig. I vel tre år har regissør Tonje Hessen Schei og filmteamet hennar i Flimmer Film følgt CIAs hemmelege dronekrig i Pakistan. Den ferdige filmen viser at USA driv krig som ikkje er regulert av folkeretten – ein krig som ikkje brukar krigens spelereglar.

– Her er president Obama både aktor, dommar og eksekutør, seier Hessen Schei. I slutten av september viser ho dokumentarfilmen Drone – både for eit breitt kinopublikum på filmfestival i Bergen og for politikarane på Stortinget.

– Europa, Norge inkludert, må snart vakne opp og stille krav til president Obama, meiner Hessen Schei. Ho viser dokumentarfilmen på Stortinget for å «engasjere tause, norske politikarar».

Når Omaba no varslar auka bruk av dronar i kampen mot Isis i Irak og Syria, går det ei line tilbake til den første presidentkampanjen. Då lova han auka bruk av førarlause fly. Han følgde opp med å løyve monaleg meir til droneprogramma, år for år.

– Ei forklaring til at så få politikarar i Europa protesterer, er nok at det er Obama som er president. Få ønskjer å utfordre han, trur Hessen Schei.

– Men vi treng å få plass eit internasjonalt lovverk om korleis dei nye teknologiske våpna skal brukast.

Får lidingar

I jakta på framtidige pilotar til dronane, har USAs forsvar tenkt langsiktig. I 2000 blei det etablert eit prosjekt som skulle utvikle eit krigsspel som skulle hjelpe forsvaret med rekrutteringa. I 2002 blei spelet Americas Army presentert. Heilt sidan lanseringa har spelet vore gratis å laste ned, og forsvaret har levert jamlege oppdateringar slik at Americas Army skal hengje med i konkurransen frå andre krigsspel som brukarane må kjøpe. Totalt har Americas Army kosta nesten 200 millionar kroner, fortel spelmagasinet GameSpot.com.

Fleire av dei unge spelarane trekkjer årleg i pilotuniform. Men dei flyg ikkje i 10.000 fot med bomber under vengene. Dei sit i ein kontainer i ein amerikansk ørken og drep talibankrigarar i Afghanistan.

– Samarbeidet mellom forsvaret og spelindustrien er tett i USA. Fleire av dei som blir dronepilotar kjem rett frå high school – og er ivrige spelarar. Men forsvaret strevar med å løyse eit problem spelarane ikkje er budde på, seier Hessen Schei.

Medan krigen spelarane deltek i på PC-en er intens time etter time, er livet som dronepilot ofte svært keisamt.

– Ein dronepilot må ofte vente i månadar før han utfører eit angrep. Ventetida går med til å observere folk på bakken, forklarar filmskaparen.

Helseundersøkingar avdekkjer at dronepilotar utviklar stresslidingar. På jobb ser dei blodbadet bombene deira skaper på bakken. Men når dagen er over, går dei heim til familien og prøver å leve eit vanleg familieliv på flybasen. Denne pendlinga skaper psykiske skader, viser ei kartlegging utført av forsvarsdepartementet.

Adressa er klar

Men presidentens krav er tydeleg: Innan 2017 skal USA ha 1.650 dronepilotar. Dei som sit i ein kontrollkontainer allereie, har fått klar melding frå visepresident Joe Biden:

«IS skal vete at vi vil forfølgje dei til helvetes portar, så dei kan stillast til ansvar for handlingane sine. For det er i helvete dei vil ende.»

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter