Erkebiskop Tutu snakka onsdag på vegne av The Elders, ei uavhengig gruppe av globale leiarar. Gruppa inkluderer Jimmy Carter, Nelson Mandela og Aung San Suu Kyi.

Gruppa sa at den einaste måten å få slutt på blodbadet i Libya, vil vere at det internasjonale samfunnet held fram presset for på få Muammar Gaddafi til å trekkje seg, melder Christiantoday.

Dei støtte dei samrøystes resolusjonen i Tryggingsrådet der FN bad den internasjonale straffedomstolen etterforske brotsverk i Libyas brutale svar på demonstrasjonane dei siste tre vekene.

Tutu rosa motet som demonstrantane har vist.

– Dette er eit moralsk univers. Det libyske folket har retten på si side, og eg er sikker på dei vil lukkast i kravet om fridom, sa Tutu.

Den internasjonale straffedomstolen vil i dag starte etterforsking av mogelege brotsverk mot sivile sidan 15. februar i år. Særleg gjeld det skuldingane om at Gaddafi sette flyvåpnet inn mot demonstrantane.

LES OGSÅ: Gaddafi skal etterforskes av straffedomstol