Generalsekretær Atle Sommerfeldt seier at hjelpearbeidarar blir mål for militære opprørarar dersom vestlege soldatar blandar seg inn i sivil gjenoppbygging og humanitær hjelp.
Sommerfeldt seier til NRK at den noverande tryggingssituasjonen i landet må føre til eit endå tydelegare skilje mellom militær og sivil innsats.
– Noreg må ta dette opp i NATO. Det er land som ikkje skil like tydeleg som Noreg i alle fall i prinsippet gjer, seier Sommerfeldt.
Han seier også at i ein situasjon som no med ein krevjande tryggingssituasjon er at i områda der konflikten er sterkast, vil menneska ha minst tilgang på humanitær hjelp og langsiktig hjelp til gjenoppbygging. Og det vil, meiner han, bli verre dersom dei militære blandar seg inn fordi hjelpearbeidarar vil bli mål for opprørarar.
Kirkens Nødhjelp har vore i Afghanistan sidan 1979. Organisasjonen er for tida under gransking for misjonering. Organisasjonen tek sterkt avstand frå skuldingane.






