Ei kvinne har klaga sekta inn for retten fordi ho seier ho vart pressa til å betale store pengesummar etter at ho i starten fekk tilbod om ein gratis personlegdomstest, melder BBC. Scientologane som avviser krava, nektar for å ha stått bak nokon som helst mental manipulasjon.
Frankrike ser på Scientologikyrkja som ei sekt, ikkje ein religion, og dersom scientologane taper saka, kan organisasjonen bli forboden, ifølgje BBC.
Det er første gongen scientologane må forsvare seg i ein fransk rettssal.
Kvinna seier at ho vart oppsøkt av scientologar for ti år sidan. Ho fekk tilbpd om ein gratis personlegdomstest.
Men ho enda opp med å bruke 21.000 euro, kring 180.000 kroner, for førelesingar, bøker og medisin som ho vart fortalt kunne kurere den mentale helsa hennar.






