I helga demonstrerte tusenvis av muslimar i mange land i protest mot at ei kristen gruppe i Flrida planlegg å brenne ei rad eksemplar av Koranen 11. september, på årsdagen for terroråtaka mot USA i 2001.
I USA kjem no ei rad kyrkjeleiarar, både konservative og liberale, med sterke åtvaringar mot å brenne Koranen, melder Christian Post.
LES OGSÅ: Kirke vil brenne Koranen
Avviser. Dr. Michael Kinnamon, generalsekretær i Det nasjonale kyrkjerådet i USA, seier at rådet har vedteke å gjenta ei fråsegn der dei tek avstand frå å brenne Koranen. Dei gjer det som svar på oppmodingane frå «menneske av god vilje som ønskjer å gjere det klart for verdssamfunnet at millionar av amerikanarar er imot dei anti-muslimske uttrykka i somme samfunn som synest å reagere ut frå frykt og ut frå ei misforstått oppfatning av den sanne naturen til islam», heiter det.
Det er leiarar og medlemmar av Dove World Outreach Center in Gainesville i Florida som har engasjert seg med kritikk av muslimar og som har planlagt ein Brenn Koranen-dag 11. september.
World Evangelical Alliance har publisert på nytt ei fråsegn frå tidlegare at å brenne Koranen går stikk i mot arbeidet for for å eit fredeleg og rettferdig samfunn.
Forsvarar. Dove World Outreach Center har derimot forsvart planane sine og kalla det å brenne Koranen for ei kjærleikshandling. På nettsida si har senteret ramsa opp «grunnar for å brenne ein koran».
Her er nokre av grunnane dei oppgjev:
• Koranen lærer at Jesus IKKJE var Guds son.
• Koranen har ikkje eit evig opphav, «den er ikkje skriven i himmelen».
• Koranen lærer ifølgje senteret arabisk paganisme, riter og ritual. «Desse er demoniske, eit vedvarande satanistisk grep som muslimar og verda lid under».
• Det finst ikkje bevis for at Muhammed levde, heiter det.
– Vi brukar denne handlinga for å påtvare mot læra og ideologien i islam, som vi hatar fordi den er verd å hate, heiter det på nettsida.
– Å åtvare fare er ei kjærleikshandling, heiter det.
Demonstrerer. Måndag var hundrevis av menneske samla i Kabul i Afghanistan for å fordømme planane om å brenne Koranen. Dei ropte «Lenge leve islam» og «Død over Amerika».
Dove World Outreach Center, leia av dr Terry og Sylvia Jones, hevdar at senteret byggjer på Det nye testamentet.






