Mannen som i 1981 prøvde å ta livet av Pave Johannes Paul II, krev tre millionar pund for å fortelje historia si etter at han måndag vart sett fri etter 29 år i fengsel.

LES OGSÅ: Pavens attentatmann fri

Mehmet Ali Agca er blitt 52 og kom med sterke meldingar då han uttalte seg etter lauslatinga:

Eg proklamerer slutten på verda. Jorda vil bli øydelagt i dette hundreåret, sa mannenifølgje den engelske avisa The Independent.

Alle menneske vil døy i dette hundreåret. Eg er ikkje Gud, eg er ikkje Guds son, eg er Den evige Kristus, sa han.

I eit handskrive brev han delte ut til pressefolk i Ankara, hevda Agca at han er «den guddommelege bodberaren frå Gud», og han lovde å skrive «det perfekte evangeliet».

Fortelje. Mannen har lova at han skal fortelje alt. Han har aldri fortalt kvifor han prøvde å ta livet av paven. Somme har spekulert i at KGB stod bak, men det er berre ein av fleire teoriar om mordforsøket. Sjølv hevda Agca i politiavhøyr etter drapsforsket at han skaut på ordre frå bulgarsk hemmeleg politi, men seinare endra han historia si. Det var då han først byrja å komme med religløse førestellingar eller vrangførestellingar.

LES OGSÅ:

Skjøt paven vil bli døpt i Vatikanet

Frifot. Det har aldri vore tvil om skulda til mannen som vart arrestert medan han flykta. Derimot er motiva altså aldri blitt klare, og no er det ny interesse for desse. Tyrkiske styresmakter seier at mannen har alvorlege forstyrringar i personlegdommen. Attentatmannen er i alle fall tydelegvis klar over interessa for attentatforsøket.

Agca har hevda i eit brev til ei avis at det er interesse for film og dokumentar «frå Japan til Canada», skriv den engelske avisa The Independent.

Den tyrkiske avisa Hurriyet Daily News skreiv før lauslatinga at Agca-familien håpar å tene 50 millionar dollar på historia gjennom opphavsrett til TV-seriar, intervju, dokumentarar og bøker.

Ingen kontrakt. Men det er framleis eit godt stykke frå store pengedraumar til verkelege kontraktar. Advokat Yilmaz Abosoglu sa til pressefolk måndag at det framleis står att å skrive kontraktar og at ingen slike er signerte.

Vi vil vente og sjå kva som skjer, sa han på vegne av mannen som skaut den polskfødde paven på Petersplassen 13. mai 1981.

The Independent skriv at attentatmannen skal ha skrive til Dan Brown, mannen bak Da Vinci-koden og alle påståtte komplotta knytt til Vatikanet, for å få han til å skrive historia.